Utløpt

Prosjektleiar - StimuLab prosjekt for  vaksne utsett for vald

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Prosjektleiar RVTS Vest - Vaksne og traume
Frist
25.09.2022
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi søkjer ein erfaren fagperson med kjennskap til prosjektarbeid, og vaksne utsett for vald.

RVTS Vest dekkjer fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre område; "Barn og unge", "Vaksne" og  "Kommunikasjon og implementering". Senteret skal samordne og styrkje kompetansen og kvaliteten i tenesteapparatet på tema traume og kriser, sjølvmord, vald og flyktningehelse. Senteret jobbar med konsultasjon, undervising og nettverksbygging. Senteret samarbeider med sentrale styresmakter og nasjonale fagmiljø på tema.

Bufdir er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling, ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar. Bufdir er underlagd Barne- og familiedepartementet (BFD), og styrer Bufetat, som har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufdir og Bufetat skal gi barn, unge og familiar som treng det, tiltak med høy og riktig kvalitet i hele landet.

Den tilsette skal leie eit nasjonalt prosjekt for tiltaksutvikling i TryggEst - ein nasjonal modell for helhetlig oppfølging av sårbare vaksne utsett for vald, sjå www.tryggest.no

Om stillinga

  • Prosjektleiar jobbar tett på prosjekteigar, styringsgruppe og prosjektgruppe, og er ansvarleg for fremdrift og arbeidsfordeling. prosjektgruppen er tverrfagleg og tverretatleg samansett, med medlemmer frå NAV, kommune, Arbeids- og Velferdsdirektoratet, Barne- Ungdoms- og familiedirektoratet og helsedirektoratet
  • Dagleg arbeidsstad er Bergen, men ein del reiseverksemd må påreknast, noko av arbeidet må gjerast ved BUFDir i Oslo

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på minimum mastergradsnivå
  • Kompetanse på arbeid i prosjekt
  • Erfaring frå arbeid med vaksne
  • Erfaring med digitalisering er ønskjeleg 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibilitet, og evne til å tåle usikkerhet

Vi tilbyr

  • Tilhøyre i eit anerkjend fagmiljø
  • Kultur for fagleg og personleg utvikling
  • Stor fridom til å utforme innan eigne ansvarsområde
  • Løn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtaleverk

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Ulriksdal 2, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Nøkkelord

Prosjektleiar,, RVTS, Vest,, Vaksne, og

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Espen Rutle Johansson
Stillingstittel
Senterleiar/ Psykologspesialist
Telefon
41 31 45 55
Kontaktperson
Geir Olsen
Stillingstittel
Områdeleiar vaksne/ Nestleiar/ Sjukepleiar
Telefon
95 27 67 29
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Ulriksdal 2, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 271243480
Sist endret 31. aug. 2022 10:45

Rapporter annonse