Utløpt

Vil du jobbe hos oss i sommar?

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Vil du jobbe hos oss i sommar?
Frist
29.06.2022
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kvar sommar treng vi mange flinke vikarar og sjukehuset har fortsatt behov for pleieassistentar og helsefagarbeidarar til ledige sommarvikariat. Vi håper du kan tenke deg ein lærerik sommar på ein av Vestlandets største og viktigste arbeidsplass.

 

Haukeland universitetssjukehus / Voss sjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremje helse og livskvalitet. Du kan lese meir på vår heimeside helse-bergen.no/avdelingar

Det er behov mellom anna på desse avdelingane:

    • Voss sjukehus, sengepostar
    • Medisinsk klinikk
    • Kirurgisk klinikk
    • Bemanningssenteret

    Skriv i søknaden din om det er andre avdelingar du kunne tenke deg å jobbe ved i tillegg til de som er oppgitt ovenfor. 

    Er du pensjonist med erfaring frå helsetenesta, og ønskjer å jobbe i sommar?

    • Du kan få sommarvikariat i den storleiken du ønskjer ved Bemanningssenteret, eller ved ei avdeling som har behov. Skriv i søknaden din kva du ønskjer.


    Arbeidsoppgåver

    • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
    • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

    Kvalifikasjonar

    • Du er under helsefagleg utdanning eller har autorisasjon som helsefagarbeidar
    • Du må ha relevant pleieerfaring, erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
    • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg

    Vi tenker du er

    • Opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
    • Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
    • Har gode samarbeidsevner og godt humør

    Vi tilbyr

    • Introduksjon og opplæring
    • Lærerik arbeidsplass
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


    Mangfaldserklæring
    Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Om arbeidsgiveren

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    6
    Sted
    Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
    Bransje
    Helse og omsorg
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
    Helsepersonell

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Cathrine Fauske Haferkamp
    Kontaktperson
    Wenche Antonsen Larsen
    Følg firma
    2257 følger dette firmaet

    Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 263120938
    Sist endret 23. jun. 2022 10:33

    Rapporter annonse