Utløpt

Rådgjevar (nettverkskoordinator) for forskingssatsinga NorCRIN

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar (nettverkskoordinator) for forskingssatsinga NorCRIN
Frist
13.02.2022
Ansettelsesform
Prosjekt
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ved Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon, er det ledig ei 100 % stilling som rådgjevar/ nettverkskoordinator for den nasjonale forskingssatsinga Norwegian Clinical Research Infrastructure Network (NorCRIN). Stillinga er midlertidig, og varer til og med oktober 2025.
 
NorCRIN er eit nasjonalt forskingsstøttenettverk (konsortium) mellom landets seks universitetssjukehus. NorCRIN blei etablert i 2012 på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Sidan 2015 har NorCRIN hatt finansiell støtte frå Noregs forskingsråd (NFR). NFR-støtta blei i 2020 forlenga fram til 2025.
 
Eit hovudmål for NorCRIN er å styrkje, forenkle og profesjonalisere samarbeid mellom relevante aktørar innan all klinisk forsking i Noreg. Også samarbeid innan det europeiske forskingsnettverket ECRIN står sentralt. NorCRIN skal bidra til å auke talet og betre kvaliteten på nasjonale og internasjonale kliniske studiar. Satsinga skal fasilitere og standardisere klinisk forsking gjennom felles nasjonale retningsliner og prosedyrar for planlegging, gjennomføring og avslutning av kliniske studiar, datahandtering og monitorering. Sekretariatet for NorCRIN er lagt til Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Bergen HF og vil by på tett samhandling i eit kompetent miljø . Meir info om NorCRIN finn du her: https://www.norcrin.no/hva-og-hvem-er-norcrin/
 
Vi søkjer etter ein engasjert og samarbeidsorientert person som kan koordinere og styrkje utviklinga av NorCRIN framover. Tilsetting snarast.

Arbeidsoppgåver

  • Operative oppgåver knytta til dagleg drift, implementering, tilrettelegging og koordinering av nettverket, i nært samarbeid med prosjektleiar og styreleiar i NorCRIN
  • Følgje opp framdrift og ressursbruk
  • Rapportere ev. avvik frå framdriftsplan og lage forslag til korrigering av avvik
  • Utføre administrativ arbeid, mellom anna knytt til nasjonale prosjekt og styremøter Dette omfattar mellom anna å planlegge møter, sakshandsaming, sette agenda og skrive møtereferat samt å kontrollere gjennomføringa av vedtak
  • Tilrettelegging for- og oppfølging av NorCRIN-kontaktpersonar og leiarane av arbeidsgruppene ved  universitetssjukehusa
  • Vidareformidle informasjon og dokumentasjon til forskingsstøtteeiningane ved universitetssjukehusa
  • Andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Krav om formell utdanning på mastergradsnivå
  • Ønskjeleg med erfaring frå forskingsadministrativt arbeid, og koordinering av NFR-prosjekt
  • Ønskjeleg med god kjennskap til kliniske studiar og kunnskap om Good Clinical Practice
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Engasjert
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevnar, omgjengeleg
  • Fleksibel og vere personleg eigna til jobbens krav
  • Gode kommunikasjonsevnar

Vi tilbyr

  • Stimulerande og aktivt arbeidsmiljø, spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling og med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Fleksitid

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Konsulent og rådgivning,
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Rådgivning,
Geologi/Fysikk/Kjemi

Nøkkelord

klinisk, forsking, samarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Renate Grüner
Stillingstittel
Forskingsdirektør
Telefon
481 10 677
Følg firma
1571 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5009 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 242808305
Sist endret 1. feb. 2022 08:26

Rapporter annonse