Utløpt

PhD-stipendiat

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
PhD-stipendiat
Frist
24.01.2022
Ansettelsesform
Prosjekt
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi lyser ut inntil fire doktorgradsstillingar som ein del av Forskningssenter for digitale psykiske helsetjenester (SFI) med Helse Bergen HF som prosjekteigar. Hovudmålet til senteret er å auke bruken og effekten av digitale psykiske helsetenester.

Forskingstema for alle stillingane er knytta til utvikling og evaluering av digitale helsetenester. Senteret skal i løpet av dei neste åra forske på og utvikle digitale helsetenester til ungdom med spiseforstyrringar, angst, depresjon og ADHD. Vi skal òg forske på digital behandling og oppfølging av vaksne med kronisk sjukdom, angst og depresjon.

Doktorgradsstillingane er 3-årige og inneber i tillegg til forsking og forskaropplæring mellom anna  prosjektleiing, samhandling med brukarar, næringsliv og helsetenestene, samt rettleiing av mastergradsstudentar. PhD-opplæring vil bli gjennomført i samarbeid med Medisinsk fakultet, Universitetet i Bergen. Ønska oppstart mellom april og juni 2022.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil i tillegg til forsking og PhD-opplæring mellom anna innebere

  • prosjektleiing
  • samhandling med brukarar, næringsliv og helsetenestene som inngår i senteret

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha fullført mastergrad
  • Søkjar må ha god kjennskap til, og forståing av, det norske helsevesenet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav
  • Erfaring med kvalitativ og/eller kvantitativ forsking er ein fordel
  • Erfaring med utvikling og forsking på digitale psykiske helsetenester er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Søkjar må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte, men må også ha evne til å samarbeide med andre forskarar og partnarar i senteret
  • Søkjar må ta ansvar og vere ein pådrivar
  • Søkjar må ha evne til å handtere mykje informasjon og periodar med stort arbeidspress
  • Søkjar må ha gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Søkjar må være initiativrik, kreativ og løysingsorientert

Det blir lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar for stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit spennande og innovativt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Medlemskap i god pensjons- og forsikringsordning

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor

Nøkkelord

PhD-stipendiat,, Forskningssenter, for, digitale, psykiske

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tine Nordgreen
Stillingstittel
Senterleiar og psykologspesialist
Telefon
900 94 913
Kontaktperson
Stine Hauge
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 84 49
994 28 244
Følg firma
1756 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 242462237
Sist endret 21. des. 2021 13:23

Rapporter annonse