Utløpt

Assistent - forsking

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent - forsking
Frist
24.01.2022
Ansettelsesform
Prosjekt
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Forskningssenter for digitale psykiske helsetjenester (SFI) er eigd av Helse Bergen HF. Hovudmålet til senteret er å auke bruken og effekten av digitale psykiske helsetenester.

Vi lyser ut stillingar som assistentar som vil inngå i forskingsmiljøet innan digitale psykiske helsetenester ved Divisjon psykisk helse, Haukeland universitetssjukehus. Arbeidet vil særleg vere knytta  å utvikle og evaluere kunnskapsbaserte digitale helsetenester i samarbeid med sluttbrukarar, næringsliv og helsetenestene. Vi vil i løpet av 2022/2023 utvikle og evaluere digitale program for ungdom med angst, spiseforstyrring, depresjon og ADHD, samt vaksne med kognitive vanskar. Vi er òg i oppstartsfasen med ein studie der vi skal undersøke kost-nytte av digital behandling for vaksne.

Stillinga vil, avhengig av løpande behov, innebere å yte bistand med litteraturgjennomgang, brukarintervju, innhaldsutvikling, datahandtering og oppfølging av datainnsamling. Aktuelle kandidatar blir tilsett i 20 -100 % stilling i inntil 2 år, og all nødvendig opplæring vil bli gitt innanfor rammene av stillingane. 

Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe med litteraturgjennomgang
  • Hjelpe med intervju av sluttbrukarane
  • Hjelpe med innhaldsutvikling
  • Bistå ved datahandtering
  • Oppfølging ved datainnsamling

Kvalifikasjonar

  • Studentar i relevante utdanningsløp (psykologi, medisin, åtferdsvitskap, nevrovitskap som profesjonsstudium, bachelorgrad eller mastergrad)
  • Erfaring med tilsvarande arbeid vil bli lagt vekt på
  • Nødvendig opplæring vil bli gitt innanfor rammene av stillingane
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fleksibilitet rundt tidspunkt som arbeidsoppgåvene skal gjennomførast på
  • Ansvarsfull
  • Nøyaktig
  • Team-orientert
  • Ha gode kontaktevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og aktivt arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Forskning/Stipendiat/Postdoktor

Nøkkelord

Assistent,, forskning,, Forskningssenter, for, digitale

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tine Nordgreen
Stillingstittel
Senterleiar Forhelse.no
Telefon
900 94 913
Kontaktperson
Stine Hauge
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 84 49
994 28 244
Følg firma
1756 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 242461836
Sist endret 21. des. 2021 13:19

Rapporter annonse