Utløpt

Forskar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Forskar
Frist
24.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Stillinga er ein del av Forskningssenter for digitale psykiske helsetenester (SFI) med Helse Bergen HF som prosjekteigar. Hovudmålet til senteret er å auke bruken og effekten av digitale psykiske helsetenester.

Stillinga som forskar inngår i forskingsmiljøet innan digitale psykiske helsetenester ved Divisjon psykisk helse, Haukeland universitetssjukehus. I første omgang vil vedkommande leie arbeidspakke 4: Implementering  i Forskningssenter for digitale psykiske helsetjenester (forhelse.no). I denne arbeidspakken forskar vi på faktorar som påverkar effekten av implementering og effekten av skreddersydde implementeringsstrategiar (basert på Normalization Process Theory – NPT) ved å samanlikne skreddersydd løysing med ordinære implementeringsstrategiar i ein stor multisenterstudie. Ønska oppstart for denne stillinga er mai 2022.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil i tillegg til forsking innebere

  • prosjektleiing
  • samhandling med næringsliv og helsetenestene som inngår i senteret
  • rapportering, rettleiing og rekruttering av nye medarbeidarar

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha fullført doktorgrad
  • Søkjar må ha god kjennskap til, og forståing av, det norske helsevesenet
  • Erfaring med kvalitativ og/eller kvantitativ forsking innan digitale psykiske helsetenester er ein fordel
  • Erfaring med implementeringsforsking er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav

Personlege eigenskapar

  • Søkjar må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte, men må også ha evne til å samarbeide med andre forskarar og partnarar i senteret
  • Søkjar må ta ansvar og vere ein pådrivar
  • Søkjar må ha evne til å handtere mykje informasjon og periodar med stort arbeidspress
  • Søkjar må ha gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Søkjar må være initiativrik, kreativ og løysingsorientert

Det blir lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar for stillinga

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit spennande og innovativt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Medlemskap i god pensjons- og forsikringsordning

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor

Nøkkelord

Forsker,, forskar,, Forskningssenter, for, digitale

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tine Nordgreen
Stillingstittel
Senterleiar og psykologspesialist
Telefon
900 94 913
Kontaktperson
Stine Hauge
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 84 49
994 28 244
Følg firma
1756 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 242460301
Sist endret 21. des. 2021 13:02

Rapporter annonse