Utløpt

Ledige 100% faste stillingar som sjukepleiar frå sommaren 2022. Felles utlysing for Somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Ledige stillingar frå sommaren 2022 som sjukepleiar - Felles utlysing for Somatiske avdelingar
Frist
02.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som kan jobbe ved somatiske avdelingar

Haukeland universitetssjukehus har om lag 13.200 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg beh??andling og pleie til pasientane våre. I 2019 hadde vi om lag 945.000 pasientmøte. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil leggje til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Vi har ledige stillingar ved desse klinikkane/avdelingane:

  • Barne- og ungdomsklinikken
  • Bemanningssenteret 
  • Hjarteavdelnga
  • Hode/Hals/Øye sengepost
  • Hud og revmatologisk sengepost
  • Kirurgisk klinikk
  • Kirugisk serviceklinikk
  • Kvinneklinikken
  • Kreftavdelinga
  • Lungeavdelinga
  • Medisinsk klinikk
  • Mottaksklinikken
  • Nevroklinikken
  • Ortopedisk klinikk

Her er video frå nokon av våre flotte einingar som ønskjer din søknad:

Hjerte 4
Medisinsk overvakingseining

Oppgje i søknad kva stilling(ar) du søkjer.

Oppstart i stillingane vil vere etter avtale med den einskilde eininga.   

Det er ledig faste stillingar ved desse einingane/postane

Barne og ungdomsklinikken 
Medisin 3 ivaretar fagfelta Endokrinologi, Gastroenterologi, Nefrologi, Reumatologi, Kardiologi, Hematologi, Onkologi og Nevrologi. 

Medisin 4 ivaretar fagfelta Lunge, Infeksjons-medisin, og Generell pediatri. Eininga bemannar også for tida barnemottaket, og barneovervakinga. 

Nyfødd intensiv ivaretar premature born og sjuke nyfødde.
Ved tilbod om stilling ved BUK må  du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)

Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få anledning til å arbeide på eit begrensa antall avdelingar ut i frå din erfaringsbakgrunn, dine ønskjer og behovet i sjukehuset. I samarbeid med deg vil du etterkvart få anledning til å arbeide på fleire avdelingar. Om du endå ikkje har funne fagområdet ditt er dette ein unik moglegheit til å prøve ut ulike felt og opparbeide deg brei erfaring.

Hjarteavdelinga
Post 1S / 2 v er ein stor sengepost med 42 senger og stor turnover med pasientar. Både øyeblikkelig hjelp og elektiv verksemd. Diagnosane er hjarteinfarkt, hjartesvikt, rytmeproblematikk m.m. Eininga er delt inn i grupper der sjukepleiar vil jobbe i team med andre.

Post 4 er ein thoraxkirurgisk sengepost med 28 sengeplassar. Pasientane er elektive og øyeblikkeleg hjelp innan hjarte- og lungekirurgi, thoraxtraumer og invasiv behandling.

Hode/Hals/Øye sengepost
Avdelinga er ei kirurgisk og medisinsk avdeling og har 3 fagområde: Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Avdelinga har også regionalt behandlingsansvar for pasientar med kreft i hovud-hals. Pasientane blir innlagde for kirurgisk behandling og strålebehandling. Vi er ein spennande og brei sjukepleiefagleg post og vi har hovudansvaret for Tracheostomipasientar i føretaket. 

Hud og revmatologisk sengepost 
Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdomar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med hud og revmatologiske lidingar. Både elektiv verksemd og øyeblikkelig hjelp. 

Kirurgisk klinikk 
Post 1 gastrokirurgi tar hand om pasientar med sjukdomar i heile mage-tarmsystemet. Vi tar hand om både elektive og akutte pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi har implementert NEWS (National early warning score)

Post 2 Urologi er den største sengeposten av 5 postar i klinikken og vi dekkjer 2 ulike fagfelt, urologi og endokrinkirurgi. Houvudgruppa av pasientar hos oss er kreftpasientar. Det er høg turnover på pasientane gjennom vekene, då vi har både stor og mindre kirurgi.

Post 4 Plastikk- og karkirurgi består av to fagfelt:
Karkirurgi (9 senger): Behandlar pasientar med lidingar i blodåresystemet som til dømes utposingar og innsnevringar. Pasientrguppa er i hovudsak eldre pasientar. Dei fleste pasientar har hjelp frå kommunalt hjelpeapparat

Plastikkirurgi behandlar pasientar med behov for plastikkirurgi i det offentlege som til dømes rekonstruksjonar etter skade/sjukdom/medfødd misdanning
Pasientgruppa er svært variert i alder. Avlastingsavdeling for Brannskadeavdelinga som ligg vegg i vegg. Både planlagde pasientar og øyeblikkelig hjelp innleggingar

Kirurgisk serviceklinikk 
Postoperativ seksjon overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi søkjer etter sjukepleiarar med relavant erfaring,

Kvinneklnikken 
Seksjon for Gynekologi og gynekologisk kreft  ivaretar pasientar både frå gynekologisk kreft og generell gynekologi. Sengeposten er ei kirurgisk avdeling der behandlingstilbodet er variert.

Gynekologisk poliklinikk tar i mot kvinner med gynekologisk kreft og generelle gynekologiske sjukdomar. Både elektive og ØH pasientar. Poliklinikken har årleg ca 17000 konsultasjonar.

Kreftavdelinga
Post 1 hovudoppgåver knytta til utgreiing, behandling og pleie av pasientar med ulike kreftdiagnosar. For dei fleste pasientane har vi ein regional funksjon. Posten er delt i 2 team, etter diagnosar. Personalet, både legar og pleiepersonalet er knytt til faste team.Orange team - Nedre GI (colorectal, ani og ileum), nevroendokrin, lever/galleveiar
R
osa team - Bryst, malignt melanom, renis, thyreoidea, origo incerta.
Post 2 behandlar i hovudsak diagnosar knytta til kreft i hovud/hals, øvre GI, lunge, thyroidea, urinvegar, prostata, testikkel, lymfom og sarkom. Avdelinga har regionsfunksjon og landsfunksjon innanfor einskilde diagnosar.

Poliklinikken utgreier, behandlar og har etterkontroll av pasientar frå Helseregion Vest. (Vestland og Rogaland). På poliklinikken blir det gjort vurdering, behandling, oppfølging og kontrollar av kreftpasientar. 

Lungevadeinga har to sengepostar, post 1 og post 3. Post 3 har hovudansvar for tre store pasientgrupper, pasientar med lungekreft, KOLS pasientar (pasientar med kronisk obstruktive lungesjukdomar) og lungeinfeksjonar. Post 1 er fordelt på 2 team med 12 sengeplassar til respiratorisk overvakingseining (ROE) og 4 lungemedisinske senger.

Medisinsk klinikk 
Post 1 Vest tar i mot både øyeblikkelig hjelp - og elektive pasientar. Behandlar pasientar med leversjukdom, Gastrointestinal bløding, magesår, pancreas- og eller gallesjukdom, inflammatoriske sjukdomar som Ulcerøs Colitt og Morbus Crohn og pasientar med ulike ernæringsvanskar. I tillegg har vi pasientar med generelle indremedisinske sjukdomar.

Post 1 Nord er ein nefrologisk og endokrinologisk sengepost med 17 senger. Vi behandlar pasientar med mellom anna nyresjukdomar som kronisk og akutt nyresvikt, nefrotisk syndrom, pyelonefritt, oppstart med dialyse, hypertensjon, diabetes, elektrolyttforstyrringar, stoffskiftesjukdomar, samt vanlege indremedisinske sjukdomar.

Seksjon for blodsjukdommar diagnostiserar og behandlar pasientar med ulike sjukdomar i blod og beinmarg. Vi har regionalt ansvar for behandling av akutte leukemier og autolog stamcelletransplantasjon for plamsacellesjukdomar, samt fleir-regional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon saman med Oslo Universitetssjukehus. Seksjonen har og nasjonal oppgåve for autolog stamcelletransplantasjon for multippel sklerose

Post 6 Medisinsk overvakingseining har totalt 10 senger fordelt på einerom, ei tosengstue og overvakingsstue med plass til 4 pasientar. Vi har to luftsmitteisolat og kan isolere tuberkulose, varicella og høysmitte. Desse romma blir og brukt til Covid-pasientar som treng respirasjonsstøtte.

Post 5 vest er ein av to infeksjonsmedisinske sengepostar. Vi behandlar mange ulike infeksjonssjukdommar, og er og ein viktig aktør også i pandemien vi alle står i.

Mottaksklinikken
Kortidsposten er ein heildøgnsdriven sengepost. Posten har tverrfaglege team med legar og sjukepleiarar som tar i mot pasientar som har forventa kort liggetid. Pasientane har mange ulike diagnosar innan dei fleste medisinske fagområda og dei tilsette har brei fagleg kompetanse.
Akuttposten held til i Bergen helsehus. Alle våre pasientar blir lagd inn som øyeblikkelig hjelp, så du må like å jobbe i ein uforutsigbar kvardag. Dei fleste pasientane hos oss er her på grunn av akutte, rusrelaterte problemstillingar, ofte kombinert med alvorlege somatiske og psykiatriske diagnosar. Vi jobbar tverrfagleg og tett rundt kvar enkelt pasient.

Nevroklinikken
Nevrologisk akuttpost er inndelt i 3 einingar. Slageining tar imot akutte hjerneslagpasientar. Overvaking, akuttbehandling og tidleg rehabilitering er hovudoppgåver her. Generell eining overvaker og behandlar pasientar med epilepsi og betennelse i sentralnervesystemet. Eininga tar óg imot pasientar med hovudpine, rygg- /nakkesmerter. Kronikareininga behandlar pasientar med Parkinson sjukdom, ALS og hjernesvulstar.

Spnalenheten tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging.

Nevrokirurgisk avdeling greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdomar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har òg landsfunksjon for gammaknivbehandling. 

Ortopedisk klnikk Sengepostane består av fire seksjonar. Ortopedisk infeksjonsavdeling behandlar pasientar med infeksjonar og behov for kirurgi i muskel- og skjelettsystemet. Seksjon for traumatologi behandlar kompliserte skadar og følgjer etter skade. Hoftebrotseininga har mottak og behandling av pasientar med hoftebrot.
Seksjon for rygg, sarkom og funksjonsforbetrande kirurgi behandlar ryggbrot, skeivstillingar og slitasje i ryggen, samt kreft med spreiing til skjelett.

Felles for stillingane:

Arbeidsoppgåver

*  Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
*  Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
*  Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
*  Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Kvalifikasjonar

*  Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
*  Ønskjeleg med erfaring frå helse- og omsorg
*  Må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

*  Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
*  Du liker å vere fagleg oppdatert, og har pasienten i fokus
*  Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
*  Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og liker å jobbe i tverrfaglege team
*  Du er tilpassingsdyktig, har organisasjonsforståing og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
*  Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt

Vi tilbyr
*  Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
*  Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
*  Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
*  Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

faste, stillinger, sykepleiere, nyutdannet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Greve Iversen
Stillingstittel
Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret
Telefon
97 19 86 64
Kontaktperson
Mari Pedersen
Stillingstittel
Seksjonsleiar Traineesjukepleiar, Bemanningssenteret
Telefon
93 87 83 52
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 241199616
Sist endret 15. des. 2021 10:26

Rapporter annonse