Utløpt

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Kriminalomsorgen region vest
Stillingstittel
Fengselsbetjent
Frist
07.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kriminalomsorgen
Om stillinga

Kriminalomsorga Bjørgvin fengsel skal i samarbeid med Avdeling for rusmedisin starte opp ei avrusingseining i heilt nye bygg, lokalisert i Bjørgvin fengsel. Avdelinga skal bemannast med fengselsbetjentar som skal jobbe tett saman med  sjukepleiarar og vernepleiarar som blir tilsett i AFR. Avdelinga vil vere bemanna alle dagar på dag- og kveldstid og ha plass til totalt 6 innsette pasientar. Avdelinga har planlagd oppstart rundt årsskiftet og det vil bli todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. 

Ein arbeidskvardag kan bestå av alt frå mottak av nye innsette, støttesamtalar, ulike kartleggingar og aktivitetar med innsette.
Du vil inngå i eit tverrfagleg team, som består av helsepersonell og tilsette i Stifinnertiltaket i Bjørgvin fengsel. Oppgåvene vil vere varierte og innehalde miljøterapeutiske oppgåver, samarbeid med- og oppfølging av innsette.

Stillingane blir lyst ut med atterhald og i påvente av endeleg oppretting.

Ved interne søkjarar fra Bjørgvin fengsel kan det bli ledig stilling på anna avdeling.


Arbeidsoppgåver
  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsette
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
  • bidra i utadretta virksomhet og fysisk aktivitet

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B

Det er ønskjeleg at du har

  • har engasjement for fagfeltet og innsette med rusutfordringar
  • bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
  • har engasjement for å etablere og utvikle ei ny eining
  • er fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
  • har interesse for fysisk aktivitet i lag med innsette
     

Personlege eigenskapar
  • svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evner å skape relasjonar til innsette på kort tid
  • har god evne til tverrfagleg samhandling
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa 
  • har evne til å ta ansvar og ta avgjerder, også i krevande situasjonar
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar 
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar 
  • personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • moglegheit for å vere med å etablere og utvikle noko heilt nytt i norske fengsel
  • regelmessig internundervisning
  • inkluderande arbeidsmiljø
  • arbeidsstad i eit helt nytt og moderne lokale 
  • el-bil parkering og treningsrom
  • stillinga blir lønt som fengselsbetjent frå kr 382 300 - 483 700 pr år og det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling) 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til prosjektleiar Ann-Hege Brustad tlf. 41260053 eller HR-rådgjevar Liv Marit Amundsen tlf: 55251286.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er Straff som endrar og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Olav Bjordalsvei 63, 5111 Breistein
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Sikkerhet
Følg firma
1279 følger dette firmaet

Olav Bjordalsvei 63, 5111 Breistein

Annonseinformasjon

FINN-kode 236051726
Sist endret 21. okt. 2021 08:50

Rapporter annonse