Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 26.10.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Vil du vere med å gi enkeltmenneske håp om eit betre liv?
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar?
Psykiatrisk klinikk har no fleire ledige faste stillingar for sjukepleiarar i 100 % stilling.
Psykiatrisk klinikk er ein arbeidsplass med vel 750 tilsette som tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Klinikken har totalt 6 avdelingar. 3 avdelingar er lokalisert på Sandvikenområdet; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og Avdeling stemningslidingar. På Haukelandsområdet ligg Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS), avdeling for Alderspsykiatri og psykosomatisk medisin.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Ansvarsvakt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du må vere tilpassingsdyktig og takle stressande situasjonar
- Du må ønske og evne å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagutvikling og internundervising
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Opplæring i MAP
- Kompetente medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
Nøkkelord
Sykepleier
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Urd Hege Loftesnes
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 64 22
- Kontaktperson
- Susanne Karlsen
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 97 57 52
- Kontaktperson
- Torill Kristine Johansen
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Telefon
- 97 48 96 16
- Kontaktperson
- Arif Khan
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 87 10
- Kontaktperson
- Kjersti Valestrand Bjørnstad
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 86 12
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen