Utløpt

Assistent

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent
Frist
10.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Hospitaldrift Reinhald har ledig 4 stk 100 % faste stillingar samt 4 stk 100 % vikariat i 6 månader som assistent. 

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i seks seksjonar og har ca. 380 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger.

Ved å søkje arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Oppgåver som buffèarbeid og oppvask i tillegg til reinhald, gjer arbeidsdagen interessant. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå i dagleg reinhald, skyllerom og oppgåver med oppvask/matservering
  • Arbeidstid er for tida 35,5/37,5 timer pr. veke med dagvakt og aftenvakt etter avtale. Arbeid laurdag og sundag, pt. kvar tredje/fjerde helg

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift
  • Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkjarar med dette er av stor interesse
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar

  • Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg
  • Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevjande

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overreinskomst
  • Kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Renhold

Nøkkelord

Assistent, renhold

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Katrine Lefdalsnes
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 21 05
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 232656074
Sist endret 27. sep. 2021 13:13

Rapporter annonse