Utløpt

Intensivsjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar
Frist
10.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig faste stillingar som intensivsjukepleiar. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg. Stillingane er ledig frå snarast og frå desember 2021.

Avdelinga har nasjonal behandlingsteneste for avansert behandling av brannskadar og har 8 sengeplassar fordelt på 4 intensivsenger og 4 standard senger. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.

For stillingane er det krav om dokumentert autorisasjon. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Nasjonalt brannskadesenter er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og vidareutdanning innan intensivsjukepleie er eit krav
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå sjukehus

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss medarbeidarar som søkjer faglege utfordringar, og som liker å arbeide i team, også tverrfagleg team
  • Søkjar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
  • Søkjar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Søkjar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevjande situasjonar
  • Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon 
  • Spennande arbeidsstad
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs for nye tilsette
  • Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Vi er ein IA bedrift


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Intensiv

Nøkkelord

Intensivsykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Hege Furnes Hilt
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Telefon
55 97 35 60
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 232536870
Sist endret 20. sep. 2021 08:00

Rapporter annonse