Psykologspesialist/ psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/ Psykolog
Frist
10.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Har du lyst på ein psykologstilling med varierte oppgåver, der du arbeider tett saman med andre behandlarar og har moglegheit for å følgje pasientar over tid? 

Då må du lese denne annonsa:
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga består av  ein LAR-seksjon, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ei spanande utvikling, knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene, noko som vil bidra til utvikling av tettare samhandling med DPS-ar og kommunale tenester. Avdelinga har eigen forskingseksjon med mange spennande prosjekt. Fleire av forskingsprosjekta er knytt opp mot LAR-populasjonen.

Seksjon LAR har per i dag ca 100 tilsette og er organisert i 6 geografiske team. HAB-heroinassistert behandlng blir det sjuande teamet, og vil bli etablert ila desember -21. Kvart team er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og  sosionomar. Erfaringskonsulent i seksjonen bidrar òg inn i samarbeidet kring pasientar. LAR-teama har ansvar for legemiddelutlevering, samt behandling og rehabilitering av pasientar i LAR. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar behandling og rehabilitering, og i dette arbeidet er psykologkompetansen svært viktig, - i diagnostisering, behandling, deltaking i behandlinsplanlegging saman med andre behandlarar i LAR og andre delar av hjelpeapparatet (Psykisk helsevern og kommunale tenester). Psykologen vil også ha i oppgåve å rettleie medarbeidarar.

Dei ledige stillingane er knytta til team Laksevåg og Fana/ Ytrebygda. Oppstart i stillingane etter nærare avtale. 

LAR -Psykologen:  Det er ein psykolog knytt til kvart team. Stillinga er variert med høg grad av fleksibilitet, og delt i tre hovudområde. Ein del omhandlar individuell oppfølging med diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, med moglegheit for langtidsoppfølging. Andre del omhandlar rettleiing, samarbeid og behandlings-planlegging med LAR behandlarar (sjuke-, vernepleiarar og sosionomar) og lege i tverrfagleg team. Tverretatleg samarbeid (psykisk helsevern, kommunale tenester og ettervern), og i dette samarbeid omkring tilvising til døgnbehandling. Tredje del er planlegging og utføring av gruppebehandling og felles drøfting og planlegging av korleis ein generelt kan bidra med psykologfagleg kompetanse inn i LAR og teamet sitt.

Psykologgruppa som består av 8 stillingar, organiserer arbeidet sitt ved vere tilstades nokre dagar på sitt lokale team, og nokre dagar vere i Avdeling for Rusmedisin sine lokale i Bergen Sentrum, Murhjørnet (Østre Muralmenningen 7). Her har det tett psykologfagleg felleskap, m.a. gjensidig rettleiing og psykologmøte.

LAR er opptatt av å vidareutvikle R-biten av tenestetilbodet, og tilbyr m.a traumestabiliserande gruppeterapi. Andre gruppetilbod er under utvikling. Psykologane som blir tilsett vil òg kunne delta vidare i denne utviklinga. LAR-seksjonen vil hausten 2021 og våren 2022 i samarbeid med RVTS Vest ha fokus på kompetanseheving på traume, dette gjennom dagssamlingar og rettleiing. 

LAR-team Laksevåg held til i lokaler sentralt på Laksevåg og LAR-team Fana/ Ytrebygda held til på Nesttun.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og behandling av avhengigheit og psykiske tilstandar
  • Rettleiing internt til medarbeidarar og eksternt til samarbeidspartnarar
  • Samarbeid om behandlingsplan og oppfølging av pasientar o.l.
  • Bidra med utvikling av psykologtenestene i LAR

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein fordel, men ingen føresetnad
  • Norsk autorisasjon
  • Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og tåler å stå i krevjande situasjonar arbeid i tverrfagleg team

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Vidareutdanning og rettleiing

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Østre Mutallmenning 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykologspesialist,, Psykolog,, Avdeling, for, rusmedisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingvild Solli Hegland
Stillingstittel
Teamleiar Laksevåg
Telefon
988 42 474
Kontaktperson
Svanhild Mellingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
992 64 156
Kontaktperson
Gerd Blomhoff
Stillingstittel
Psykologspesialist
Telefon
950 48 087
Kontaktperson
Irene Tvedt
Stillingstittel
Teamleiar Fana/ Ytrebygda
Telefon
900 53 651
Følg firma
1304 følger dette firmaet

Østre Mutallmenning 7, 5012 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 231812821
Sist endret 13. sep. 2021 14:58

Rapporter annonse