Utløpt

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Frist
24.09.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ved Regionalt Senter for Høyrsel og Psykisk Helse (RSHP), eining for barn og unge er det ledig eitt års vikariat for psykologspesialist/psykolog med klinisk erfaring.

Noreg har eit eige tilbod til høyrselshemma personar med psykisk liding som består av Nasjonal behandlingstjeneste for høyrsel og psykisk helse i Oslo (NBHP), samt regionale tenestetilbod i alle helseregionane. Helse Vest sitt tilbod består av to einingar; eining for vaksne og eining for barn. Dei to stillingane ved eininga for barn er plasserte ved BUP Fana. Senteret har ansvar for utgreiing og behandling av psykiske plager hjå barn og unge med høyrselshemming i Helse Vest sitt opptaksområde. Det er del av det tverrfaglege miljøet ved BUP Fana og pasientane får ta i bruk ressursane ved poliklinikken. Arbeidsoppgåvene er betydeleg meir varierte enn i ordinær poliklinikk med alt frå lette og avgrensa problemstillingar til meir alvorlege og samansette plager. Det er sett av tid og ressursar til fagleg fordjupning, nettverksarbeid og samarbeid med dei andre sentera.                                                                                                                                                                                                            

Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Undervising, rettleiing og nettverksarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Kunnskap om høyrselhemming og teiknspråk er ein fordel, men ikkje ein føresetnad
  • Erfaring med utgreiing og behandling

Personlege eigenskapar

  • Interesse for arbeid med barn og unge med sansetap
  • Trygg og sjølvstendig i møte med pasientar, færesette og samarbeidspartar
  • Meistre norsk og digitale kommunikasjonskanalar 

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rettleiing og kurs
  • Variert pasientarbeid med mindre tidspress enn tradisjonell poliklinikk
  • Rom for å påverke og utvikle tilbodet
  • Eit godt og støttande arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykologspesialist/psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Tømmerbakke
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
92 08 20 83
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun

Annonseinformasjon

FINN-kode 231416964
Sist endret 10. sep. 2021 09:30

Rapporter annonse