Utløpt

Assisterande Einingsleiar i Utgreiingsmottak 1

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assisterande Einingsleiar i Utgreiingsmottak 1
Frist
26.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Utgreiingsmottak 1 åpna i 2016  og er ein del av Mottaksklinikken som vart etablert i 2014. Føremålet med etableringa er å sikre at Øyeblikkelig hjelp- pasienten får rask og riktig diagnose, rett behandling på rett stad i sjukehuset og til rett tid. 

Eininga har 23 senger og har pasientar frå alle fagområda. Her blir pasientane tatt i mot av eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar.  Liggjetida er inntil 3 døgn.

Vi har ledig ei spennande stiling som assisterande einingsleiar. 

Vi søkjer ein fagleg sterk, framtidsretta og motiverande sjukepleiar til stilinga som assisterande einingsleiar til Utgreiingsmottak I.
Vi ønskjer deg som trivast når det er travelt, som er kreativ og nytenkjande. Vi tilbyr ei stilling med mange utfordringar og spennande oppgåver. Stillinga vil vere på dagtid med arbeid kvar 4. helg

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for den daglege drifta 
  • Utarbeide retningslinjer og delta i prosjekt
  • Oppfølging av nytilsette og studentar
  • Forbetringsarbeid
  • Delegerte administrative oppgåver
  • Delegert ansvar for intern opplæring og undervising saman med fagsjukepleiar
  • Representere einingsleiar ved fråvære

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Relevant sjukehus erfaring
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • God IKT- kompetanse

Personlege eigenskapar

 
  • Du er opptatt av å halde deg fagleg oppdatert
  • Ansvarbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Evner å byggje relasjonar og følgje opp resultat
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • Evne til å arbeide målretta og er beslutningsdyktig
  • Du trivast godt med å undervise, og formidlar faget på ein strukturert og pedagogisk måte
  • Du er god til å finne nye løysingar, og bidrar aktivt med kunnskap og kompetanse
  • Endringsvillig og klar for nye utfordringar
  • Du er bevisst di rolle i å skape eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Relevant opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Sykepleier

Nøkkelord

Assisterende, enhetsleder, Akuttmottak, UMOI

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ine Skåtøy
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
90 78 09 41
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 230196098
Sist endret 30. aug. 2021 07:59

Rapporter annonse