Utløpt

Sjuke- eller vernepleiar med vidareutdanning

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjuke- eller vernepleiar til FACT-team Øyane DPS
Frist
11.07.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ønskjer du å bidra i eit distriktspykiatrisk senter i vekst?

Vi har ledig eit vikariat på seks månader som sjukepleiar eller vernepleier med vidareutdanning  ved FACT-team/ psykosepoliklinkken ved Øyane DPS. Startdato etter nærare avtale. Stillinga følgjer ordinær kontortid. Det kan være høve med forlenging av vikariatet.

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden. Området har 68 000 innbyggjarar og har hatt sterk befolkningsvekst. Vi ønskjer oss fleire fagleg engasjerte medarbeidarar som kan bidra i utviklinga av Øyane DPS og vil ha kontakt med deg som har noko du brenn for i utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

Øyane DPS er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå sentrum av Bergen. Her finn du to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar kvar. Vidare har vi FACT/ psykosepoliklinikk og allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande ambulant akutteam.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientbehandling i eit tverrfagleg team
  • Nært samarbeid med tenester innafor spesialisthelsetenesta og kommunane
  • Førebygging av og intervensjon ved kriser 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Vidareutdanning
  • Relevant erfaring
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både muntleg og skriftleg
  • Førarkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • Trygg i eiga yrkesrolle
  •  Evne til å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeidsegenskaper både kollegialt og opp mot samarbeidspartnare, pasientar og pårørande
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Eit aktivt og høgt kvalifisert fagmiljø i tverrfagleg team med gode høve til fagleg og personleg
    utvikling
  • Varierte arbeidsoppgaver med faglig utfordringer
  • Givande og interessant arbeid med målgruppa

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Lindtner
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
56 32 66 00
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 222866599
Sist endret 22. jun. 2021 08:57

Rapporter annonse