Utløpt

Psykologspesialist/ psykolog ND senter

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/ psykolog ND senter
Frist
04.07.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Seksjon for fengselshelseteneste har ansvar for poliklinisk psykisk helsevern for personar som er under straffegjennomføring innan Helse Bergen sitt område. Seksjonen er óg delaktig i ulike spesifikke tiltak som Narkotikaprogram med domstolskontroll, Rusmeistringseining, Ungdomseining, samt tiltak for valds-og sedeligheitsdømde.

Den aktuelle stillinga er knytt til "Narkotikaprogram med domsmtolskontroll", som er eit frivillig alternativ til ordinær straffegjennomføring for domfelte med narkotikavanskar.

ND senteret er eit samarbeid mellom Kriminalomsorgen Region Vest, Bergen kommune, Hordaland Fylkeskommune og Helse Bergen. ND - senteret har lokaler i Bergen sentrum. Ein deler lokale med ein representant frå kvar av dei involverte instansar i eit kontorfellesskap, med tilgang på andre rom for ulike formål som møter, samtalar mm.

Då psykologen i ND -teamet går over i anna stilling, søkjar vi hans etterfylgjar.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av straffedømde som gjennomfører Narkotikaprogram med domstolskontroll, i form av vurdering av om kandidatar er eigna, utarbeiding av gjennomføringsplan og deltaking i utarbeiding av individuell plan, oppfølging og kontroll av vilkår, nettverksarbeid og forvaltningssamarbeid.
  • Utarbeiding av personutgreiingar til bruk i retten under hovedforhandling.
  • Delta på fellesmøter og aktivitetar med dei domfelde, ta urinprøver, samt delta i ansvarsgrupper rundt domfelte.
  • Utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusvanskar, hos deltakarane i prosjektet er aktuell oppgåve for psykologen for nokre av dei domfelde som ønskjer/ har trong for dette. Elles vil andre delar av spesialisthelsetenesta vere aktuelt å henvise til eller samarbeide med i desse tilfella.

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjend psykolog
  • Erfaring frå arbeid med personar under straffegjennomføring er ein fordel
  • Erfaring frå klinisk arbeid med pasientar med rusvanskar og/eller psykiske lidingar.
  • Spesialistkompetanse, gjerne innanfor samfunnspsykologi, er ønskjeleg men ikkje eit krav.
  • Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt.
  • Må meistre norsk i skrift og tale.
  • Må leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Samarbeidsvillig
  • Evne til å trivast i miljø med mykje tverrfaglegheit og høgt tempo
  • Evne til å balansera etiske problemstillingar og vere medviten om eiga rolle.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg arbeid
  • Travel og spanande kvardag
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Rosenkrantzgaten 3, 5003 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Risnes
Stillingstittel
Psykologspesialist/ Konst. seksjonsleiar
Telefon
55 39 36 83
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Rosenkrantzgaten 3, 5003 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 222822840
Sist endret 21. jun. 2021 19:39

Rapporter annonse