Utløpt

Kokk med fagbrev. Fast 100% stilling

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Kokk med fagbrev. Fast 100% stilling
Frist
31.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Mellom anna leverer Hospitaldrift pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester, sentralbordtenester.

Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Matforsyning er ei av dei. Eininga har ca. 110 tilsette fordelt på 80 årsverk, og forvaltar årleg ca.110 mill. kroner. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggjande kommunar.

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 2 matutsal på sjukehuset og betener nærare 2.000 gjester dagleg.

Vi har no ledig ein 100% fast stilling som kokk med fagbrev. Som kokk skal du vere med og utvikle Café3 og arbeidstida vil vere måndag - fredag på dagtid.

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i menyplanlegging
  • Bestilling og mottak av råvarer
  • Produksjon av varme og kalde rettar.
  • Skape og gjennomføre aktivitetar i samarbeid med leverandørar
  • Sikre god eksponering av våre produkt
  • Leggje opp varme rettar i serveringslina
  • Kundebehandling
  • Skape matglede både overfor kollegaer og kundar
  • Anna forefallande arbeid som naturleg høyrer til på ein kafè
  • Sikre at eininga når verksemda sine strategiar og målsetjingar

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftlege og munnlege. Språkkunnskapar må kunne dokumenterast
  • Erfaring frå restaurantbransjen og/eller kantine
  • Kjennskap til data
  • Kjennskap til IK-mat og HMS
  • Løysingsorientert
  • Økonomi innan kjøkkendrift

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • God orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Samarbeidsvillig
  • Utadvendt og serviceinnstilt
  • Evne til å setje seg inn i våre kundar sine ønskje og behov

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå.
  • Utviklingsmoglegheiter

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 83, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Restaurant, mat og uteliv,
Storhusholdning og catering
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider,
Mat og servering / Kokk

Nøkkelord

Kokk,, Helse, Bergen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
René Kaser
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 49 05
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 83, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 217766842
Sist endret 7. mai 2021 13:47

Rapporter annonse