Utløpt

Eit hav av moglegheiter - Felles utlysing av faste ledige stillingar som sjukepleiar og vernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Helse Bergen søkjer dyktige Sjukepleiarar og vernepleiarar til 100% faste stillingar
Frist
19.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar med erfaring som kan jobbe ved desse einingane: 

  • Psykiatrisk klinikk, Avdeling spiseforstyrringar søkjer sjukepleiar/spesialsjukepleiar
  • Psykiatrisk klinikk/ Spesialisert psykosebehandling S3 søkjer sjukepleiarar/vernepleiarar
  • Psykiatrisk klinikk/Avdeling stemningslidingar Seksjon S6 søkjer spesialsjukepleiar innan rus og psykiatri og/eller sjukepleiar med erfaring frå rus og psykiatri
  • Avdeling for rusmedisin/ AFR Klinikken Skuteviken søkjer sjukepleiar/vernepleiar
  • Avdeling for rusmedisin/AFR Klinikken Skuteviken. Kvinnepost- langtidsbehandling søkjer sjukepleiar/vernepleiar
  • Kirurgisk serviceklinikk/ Postoperativ eining søkjer sjukepleiar med minimum 2 års erfaring 
  • Kirurgisk serviceklinikk/ Thorax kirurgisk intensiv og overvakingsseksjon søkjer sjukepleiar med minimum 2 års erfaring
  • Kirurgisk serviceklinikk, Preoperativ poliklinikk søkjer sjukepleiar
  • Kirurgisk klinikk/ Gastro Post 1 og 3 søkjer sjukepleiarar
  • Kirurgisk klinikk/ Post 2 Urologi søkjer sjukepleiarar
  • Hjarteavdelinga/ Hjarteintervensjon søkjer sjukepleiar
  • Nevroklinikken/ Klinisk nevrofysiologi (KNF) søkjer sjukepleiar
  • Mottaksklinikken/ Utgreiingsmottak II søkjer sjukepleiarar
  • Medisinsk klinikk/ Medisinsk Post 2 Dialyse søkjer sjukepleiarar dyktig sjukepleiarar med 1 års erfaring 
  • Barne- og ungdomsklinikken (BUK) post 3, post 4, nyføddintensiv og barnekirurgisk post søkjer sjukepleiarar 
  • Bemanningssenteret søkjer sjukepleiarar/vernepleiarar


Oppgje i søknad kva stilling(ar) du søkjer. 

Oppstart i stillingane vil vere etter avtale med den enkelte eininga.   Her kan du lese meir om dei ulike avdelingane 

Psykiatrisk klinikk, Avdeling spiseforstyrringar  Du må ha interesse for, og gjerne erfaring frå arbeid med spiseforstyrringar og psykisk liding. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar. Arbeid pt. todelt turnus dag/aften. Oppstart: 21.06.2021.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf: 55974519.

Psykiatrisk klinikk/Spesialisert psykosebehandling S3  Ein skal bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient. Arbeid pt. dag, kveld og kvar 3.helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Kontakt: Sigurd Ulfeng Jakobsen eller Jeanette Westerås, Tlf. 55958530.

Psykiatrisk klinikk/Avdeling stemningslidingar Seksjon S6  Arbeid pt. todelt turnus dag/aften. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje. 
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762.

Avdeling for rusmedisin/AFR Klinikken Skuteviken  Vi ser etter medarbeidarar som har engasjement for vår brukargruppe og som finn meining i å arbeide med menneske. Det blir lagt vekt på evne til refleksjon, tydelighet og gode kommunikasjonseigenskapar. Vi ser etter medarbeidarar som viser omsorg og samtidig kan setje grenser på ein tydeleg og respektfull måte og har frå rus og psykisk helsearbeid. Arbeid er pt. 2 delt med arbeid kvar 3 helg. Oppstart: Etter nærare avtale.
Kontakt: Mai-Elin Lillevik Hagenes, Tlf. 91148461. Trude Larsen, Tlf. 97581963.

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) Postoperativ eining  Postoperativ eining behandlar ca 11 000 pasientar i løpet av eit år. Dei aller fleste har vore gjennom eit kirurgisk inngrep, men vi behandlar også pasientar som har vore utsett for ei ulykke, vore til poliklinisk behandling, eller treng ekstra overvaking eller intensivbehandling.
Kontakt: Rannveig Ure, Tlf. 55972436. Bli betre kjent med oss i denne filmen: https://youtu.be/AlEAh4iAFxk 
KSK/Thorax kirurgisk intensiv og overvakingsseksjon  Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO) overvakar pasientar som har gjennomgått open hjarte- og thoraxkirurgi. Seksjonen tar hand om pasientane postoperativt både etter planlagde operasjonar og øyeblikkelig hjelp. Søkjarar må ha minimum 2 års erfaring.
Kontakt: Marianne Kristin Årvoll, Tlf. 55970376
KSK/Preoperativ poliklinikk  Sjukepleiar vil ha ansvar for å koordinere pasientar gjennom møte med dei ulike profesjonane. Du koordinerer og kommuniserer med ortoped, turnuslege, sjukepleiar frå sengepost, fysioterapeut og anestesilege. Evne til god tverrfagleg samhandling er viktig. Du må ha arbeidserfaring innan ortopedisk/ kirurgisk fagområdet. Poliklinikken er ope kvardagar frå kl. 07.30-15.30. 5 veker sommarferie om sumaren (poliklinikken er då stengt), fri i romjul og påske. 
Kontakt: Elin Bjørnestad, Tlf. 55976891.

Kirurgisk klinikk: Post 1 og 3: Gastrokirurgi og Post 2: Urologi søkjer sjukepleiar. Oppstart: 01.04.2021.
Kontakt: Post 1: May-Britt SudmannTlf. 55973402, Post 3: Marit Aarnes, Tlf: 55973508 og Post 2: Stine Steen Nøttveit, Tlf. 55976476.

Avdeling for Klinisk nevrofysiologi (KNF)  Som sjukepleiar utfører ein elektroencefalografi (EEG), nevrografi (NCV) og framkalte responsar. Det vil vere aktuelt å gå inn i vaktsystem med kveld-/helgearbeid i Nevroklinikken ved behov. Oppstart:  01.06.2021.
Kontakt: Synnøve Bartz-Johannessen, Tlf. 92455884.

Mottaksklinikken/Utgreiingsmottak 2   UMO2 er ein utgreiingspost med 18 senger. Akutt innlagde pasientar frå alle fagområde. Det er ønskjeleg med erfaring frå kirurgi, medisin, hjerte eller geriatri.
Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, Tlf. 55971862. 

Medisinsk klinikk, Dialysen  Gje sjukepleie til pasientar med nyresjukdom og som treng dialysebehandling, utføre dialysebehandling, opplæring blir gitt og arbeid i tverrfaglege grupper for å gje dialysepasientane best mogleg behandling. Stillinga er 100%, men er fordelt som 80% på medisin post 2 og 20% i fellesvaktordning i medisinsk klinikk.
Kontakt: Audhild Jørstad, Tlf. 55973620. Laila Hauge, Tlf. 55973622.

Barne- og Ungdomsklinikken (BUK) Medisin 3 ivaretar fagfelta Endokrinologi, Gastroenterologi, Nefrologi, Reumatologi, Kardiologi, Hematologi, Onkologi og Nevrologi. 
Medisin 4 ivaretar fagfelta Lunge, Infeksjons-medisin, og Generell pediatri. Eininga bemannar også for tida barnemottaket, og barneovervakinga. 
Barnekirurgen ivaretar alle dei kirurgiske fagfelta, inkludert Hovud-Hals, Auge, Ortopedi, Urologi, Gastro-kirurgi og Plastikk-kirurgi. 
Nyfødd intensiv ivaretar premature born og sjuke nyfødde. Oppgje i søknaden kva einig(ar) du søkjer. 
Kontakt:  Thorleif Nesse, Tlf. 55975309.

Bemanningssenteret   Vi treng medarbeidarar som er tilpassingsdyktig, og finn deg til rette i ulike miljø. Du har gode samarbeidsevner, og veit at lagarbeid er avgjerande for eit godt resultat for pasienten og du har og evne til å arbeide sjølvstendig.
Kontakt: Anniken Knag Haukeland, Tlf. 91576157 og Karina Vorland Løvstad, Tlf. 92463092. 

Arbeidsoppgåver
Somatiske einingar
•Kontinuerleg observasjon, vurdering og behandling av pasientens tilstand
•Iverksetje tiltak ved endring i pasientens tilstand, behandling av intensivpasienten i følgje ordinasjon og i forståing med lege 
•Dokumentere i elektronisk kurve og journalsystem
•Administrere ordinerte medikament og væskebehandling
•Anvende avansert medisinsk teknisk utstyr
•Ivareta pårørande

Psykiatri- og avdeling for rusmedisin
•Oppfølging av pasientar i posten, ein-til-ein kontakt med pasientar, støttesamtalar
• Ein jobbar i tverrfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
•Oppfølgingsansvar/primærkontakt
•Miljøterapeutisk arbeid
•Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
•Observere og dokumentere
•Praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar
•Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
•Erfaring som sjukepleiar/vernepleiar
•Må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar
•Du liker å vere fagleg oppdatert, og har pasienten i fokus
•Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
•Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og liker å jobbe i tverrfaglege team
•Du er tilpassingsdyktig, har organisasjonsforståing og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Psykiatri/Rus
•Har evner til å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
•Er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
•Er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
•Trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø og ønskjer og evner å motta rettleiing

Vi tilbyr
•En arbeidsplass med høg fagleg standard
•Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
•Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
•Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Sykepleier / Barn/nyfødt,
Sykepleier / Psykiatri

Nøkkelord

Sykepleier,, sjukepleier,, vernepleier,, vernepleiar,, faste

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Britt Velsvik
Stillingstittel
Seksjonsleiar Bemanningssenteret
Telefon
55 97 69 02
Kontaktperson
Anniken Knag Haukeland
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret
Telefon
91 57 61 57
Kontaktperson
Karina Vorland Løvstad
Stillingstittel
Seksjonsleiar Bemanningssenteret
Telefon
92 46 30 92
Kontaktperson
Mari Pedersen
Stillingstittel
Seksjonsleiar Bemanningssenteret
Telefon
93 87 83 52
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 213010189
Sist endret 12. apr. 2021 09:29

Rapporter annonse