Utløpt

Byggeleiar Sotrasambandet

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Byggeleiar Sotrasambandet
Frist
05.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

Statens vegvesen, Utbygging, har ledig stilling som byggjeleiar og søkjer etter ein person med kompetanse innan bygging av veg, kabel- og VA-anlegg og oppfølging av entreprisekontraktar.

Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen og Sotrasambandet. Byggeleiarstillinga er for gjennomføring og oppfølging av ein av delkontraktane i prosjektet.

 

 


Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av kontrakt med entreprenør
  • Sikra etterleving av SHA, ytre miljø og klimamål i kontrakten
  • Koordinera rådgivar i prosjektering
  • Teknisk, økonomisk og framdriftsoppfølging innan fagområdet
  • Leie byggemøter
  • Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørane innan ulike fagområde i prosjektet

Kvalifikasjonskrav
  • Utdanning frå universitet eller høgskule
  • Minimum 3 års erfaring med relevant fagkrins, jmf. beskriving over
  • Du må har førarkort klasse B

Vi vektlegg

  • At du har gode evner til samarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og at du er etterretteleg
  • Fleksibel, initiativrik og løysingsorientert tilnærming
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • At du er strukturert og evnar å følgje opp entreprenør og rådgivarar i detalj når dette er nødvendig

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)


Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.


Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du kontakte prosjektleiar Arve Tjønn Rinde på mobil 93 03 18 74.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

 

Sotrasambandet er eit prosjekt som skal sikre gode og effektive kommunikasjonstilhøve til bysentrum, bydelar og til transportknutepunkt for sentralt hovudvegnett, stamvegnett, jernbane, sjø- og lufttransport.

Bygging av nytt Sotrasamband vert gjennomført som OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid). Prosjektet omfattar bygging av firefelts veg frå kryss ved fv. 562 ved Storavatnet i Bergen kommune til kryss med fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune

Prosjektet har i dag 35 tilsette som i kvar sin rolle skal sikre framdrift og resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Bygg/Anleggsleder,
Ingeniør
Følg firma
1598 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 210676502
Sist endret 10. mar. 2021 15:44

Rapporter annonse