Utløpt

Kontrollingeniør vegutbygging

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kontrollingeniør
Frist
07.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

I divisjon drift og vedlikehold, seksjon Drift Vest har vi ledig stilling som kontrollingeniør for driftskontraktene DK1401Indre Sogn og DK1402 Midtre Sogn. Dei fleste oppgåvene dine vil vera knytt til drift av kontraktene. Du vil og få gode moglegheiter til å utfordre deg sjølv på oppgåver du ikkje har prøvd før. 

Vi er gode på å gje ansvar og tillit til den enkelte, og du vil bli ein del av eit godt fagleg fellesskap. No er vi på jakt etter ein ny person som kan bli med oss på vegen vidare. 

Du vil få kontorstad Lærdal/Leikanger. 

Driftskontraktene har i dag ansvar for både riks- og fylkesvegar. Dette blir endra ved utlysing av ny kontrakt til kun å gjelde riksvegar. Arbeid med utarbeiding av nye kontrakter er i gang, og for kontrakt Midtre Sogn er det planlagt oppstart hausten 2022. Då vil i hovudsak alle europa-/riksvegar frå nord for Sognefjorden til Nordfjord inngå i ny kontrakt.  

For kontrakt DK1401 Indre Sogn, vil riksvegane i denne kontrakten inngå i ny kontrakt frå hausten 2022 og bli styrt av seksjon Drift vest 1. 


Arbeidsoppgåver

Som kontrollingeniør vil du blant anna:  

  • utarbeide og følgje opp kontrollplanar for kvaliteten på oppgåveutføringa 
  • følgje opp at entreprenøren har eigne kontrollplanar, og at dei blir nytta slik som  planlagt 
  • søkje best mogeleg resultat i samarbeid med entreprenøren 
  • kontrollere og følgje opp SHA/HMS og YM planverket  
  • ta del i og levere fagleg materiale og erfaring inn i aktuelle arbeidsgrupper  
  • vere ein aktiv del av kontraktsgruppa sitt faglege nettverk 
  • kontroll og følgje opp drifta på fleire fjellovergangar 

Kvalifikasjonskrav

Vi ynskjer at du : 

  • har erfaring frå planlegging, bygging, drift eller vedlikehald av veg.  
  • har spesifikk kompetanse på drift av høgfjellsoverganger 
  • er god på kommunikasjon og samhandling med andre 
  • er fleksibel og kan jobbe i eit travelt miljø 

Du må ha førarkort kl B 

Du har minimum 2-årig fagskuleutdanning. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglar i utdanning. Relevant fagbakgrunn kan vere drift og vedlikehald veg.

Dersom du har tatt heile eller delar av di utdanning i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av dine papirer og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no). 

Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar og du må ha gode samarbeidsevner for å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samhandling med både interne og eksterne aktørar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert og vere fleksibel til kva oppgåver du skal utføre. Du har god muntleg og skriftleg framstillingsevne og er god på bruk av dataverktøy.


Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.


Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Nærmare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med seksjonsleiar Per Ove Fossheim på mobil 97570583 eller e-post: per.ove.fossheim@vegvesen.n


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
 

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker,
Håndverker / Bygg/Anleggsleder,
Ingeniør
Følg firma
4085 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 210403927
Sist endret 8. mar. 2021 00:00

Rapporter annonse