Utløpt

Ledig stilling som Hengebru/Skråstagsbru-spesialist

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Bruplanlegger
Frist
18.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

Komplekse konstruksjoner er ein seksjon på Fagressurs Utbygging som skal ivareta divisjonen sitt kompetansebehov innan brufaget, og bistå dei ulike utbyggingsprosjekt i planlegging, prosjektering og bygging av bruer og andre konstruksjonar. Det er pr i dag 36 personar tilsett på seksjonen, med ei god geografisk spredning frå Bodø i nord og til Kristiansand i sør.

Seksjonen er delt inn i fire faggrupper, Bruplanlegging, Risiko og RAMS, MetOcean og Konstruksjonsdynamikk. Denne stillinga vil tilhøyre faggruppe Konstruksjonsdynamikk. Seksjonen skal i åra framover jobbe med fleire store hengebruer på fleire av dei største utbyggingsprosjekta i landet, herunder Ferjefri E39. Bruene inkluderer kryssing av Langenuen, Leirfjorden og Julsundet.

Arbeidsstad er fortrinnsvis Stavanger, Bergen, Trondheim, Hamar el. Kristiansand. Andre lokasjonar kan også være aktuelle.

Ønskeleg oppstart snarast.

Arbeidet vil i hovudsak være knytta til divisjon Utbyggings arbeid med henge- og skråstagsbruer, i både planleggingsfasen og utbyggingsfasen.

Aktuelle prosjekter framover er Sotrasambandet, E39 Langenuen, E39 Julsundet og Leirfjordbrua.


Arbeidsoppgåver
  • Planlegging og prosjektering av hengebruer og skråstagsbruer
  • Bistå utbyggingsprosjekt med behov for kompetanse på hengebru og skråstagsbru
  • Planlegging og prosjektering av andre brutypar
  • Opplæring av andre medarbeidarar på seksjonen
  • FoU knytta til hengebru- og skråstagsbruteknologi
  • Dialog med samarbeidande bedrifter, universitetet og andre interessentar

Kvalifikasjonskrav

For stillinga krevst det relevant utdanning på minimum mastergradsnivå frå universitet eller høgskule. Du må ha minimum 7 års erfaring med bruer, og du må ha erfaring med detaljprosjektering av hengebru eller skråstagsbru.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga krev

  • gode samarbeidsevner, og evne til å lære frå seg
  • evne til å jobbe godt sjølvstendig og i team
  • at du er ansvarsbevisst, tar initiativ og tenkjer heilhetleg og løysingsorientert
  • gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.


Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar for Komplekse konstruksjonar, Mathias Egeland Eidem mobil 92213446 eller fagkoordinator Simen Hellgren Holtberget på mobil 48129491.

Søk stillingen på www.vegvesen.no/jobb

Har du spørsmål ifm. utfylling av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på e-post: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på tlf. 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4012 Stavanger
  • 7013 Trondheim
  • 2317 Hamar
  • 4626 Kristiansand S
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Strukturingeniør
Følg firma
4085 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 208556591
Sist endret 19. feb. 2021 14:15

Rapporter annonse