Utløpt

Stråleterapeut ferievikar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sommervikar Stråleterapeut
Frist
07.03.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest . Hovudoppgåvene våre er knytt til planlegging, gjennomføring og oppfølging av pasientar som får strålebehandling.

Sommaren 2021 treng vi stråleterapeutar/radiografar. Det må fremgå i søknaden kva tidsrom du er tilgjengeleg for jobb. 

Arbeidsoppgåver

  • Du vil inngå i drifta ved kreftavdelinga og vil hovudsakleg delta i oppgåver knytt til strålebehandling av kreftpasientar. Du vil delta i tverrfagleg samarbeid der vi har som mål å ivareta pasientar og pårørande på beste måte.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som radiograf og gjerne vidareutdanning som stråleterapeut
  • Du meistrar norsk munnleg og skriftleg godt. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling , ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden

Personlege eigenskapar

  • Du har fokus på pasienttryggleik og opptrer profesjonelt.
  • Du fungerer godt i team, tar initiativ og er arbeidsvillig.

Vi tilbyr

  • Jobberfaring med faglege utfordringar
  • Opplæring
  • Lønn i hht overenskomst
  • Ferievikariata byrjar ca i veke 25, eller tidlegare dersom mogeleg
  • Mogelegheit for forlenga vikariat 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Radiograf

Nøkkelord

Sommarvikar, Stråleterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helga Gripsgård
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 20 59
Kontaktperson
Jane Bauge
Stillingstittel
Ass seksjonsleiar
Telefon
55 97 62 72
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 207719259
Sist endret 11. feb. 2021 06:02

Rapporter annonse