Utløpt

Rådgjevar - prosjektleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar - prosjektleiar
Frist
07.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Har du erfaring som program-/prosjektleiar og ønskjer å bidra i utviklinga av ein av vestlandets største og mest komplekse verksemder? Vil du jobbe med utvikling og forbetring av sjukehusdrift med pasienten i fokus? Vi søkjer erfaren prosjektleiar til å leie større kliniske innføringsprosjekt på tvers av avdelingane i sjukehuset. 
 
Haukeland universitetssjukehus skal i åra som kjem ta i bruk fleire nye IKT-løysingar og ny teknologi. Målet er at desse løysingane skal gje ein betre kvardag for pasientar og medarbeidarane. Løysingane blir utvikla og klargjort av regionale prosjekt, men sjukehuset har ansvar for å førebu og ta i bruk teknologi i eigen organisasjon. Som prosjektleiar må du jobbe tett saman med leiinga i sjukehuset og dei tilsette for å lukkast, og evne å forstå kompleksiteten i verksemda.
 
Seksjon for e-helse har mellom anna ansvar for innføring av nye løysingar i sjukehuset. Vår oppgåve er å leggje til rette for at klinikken kan realisere nytten av ny teknologi som blir tatt i bruk. Seksjonen er bindeledd mellom klinikkar i sjukehuset og IKT-personell som utarbeider IKT-løysingane. Våre medarbeidarar har fokus på kvalitetsforbetring, tryggleik og effektivitet gjennom digitalisering, og arbeidet tett saman med leiinga og dei tilsette i sjukehuset.
 
Som prosjektleiar i Seksjon for e-helse får du ein unik moglegheit til å bidra i utviklinga av sjukehuset og jobbe tett med digitalisering av helsetenesta. Du kan vise til erfaring frå innførings- og endringsarbeid i større verksemder, og har god teknologiforståing.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, planleggje og gjennomføre innførings- og endringsprosjekt
  • Tett dialog med leiarane i sjukehuset
  • Motivere og inspirere prosjektdeltakarar
  • Rapportering til styringsgruppe
  • Samarbeide tett med regionale leveranseprosjekt

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå innføring av teknologi i større organisasjonar
  • Formalisert utdanning og erfaring innan prosjekt, og kan vise til dokumenterte resultat frå prosjekt
  • Erfaring frå endringsarbeid og forbetringsarbeid i store organisasjonar
  • Gjerne leiarerfaring
  • Kunnskap om helsesektoren er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid i grenseflata mellom prosess, teknologi, organisasjon og endring
  • Erfaren brukar innan IKT verktøy
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både skriftleg og munnleg
  • Høgare utdanning innan IKT, øk/adm, teknologi/informatikk, prosjektleiing
  • Sertifisering PRINCE2, PMI eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

  • Du brenn for å finne løysing på komplekse problemstillingar både åleine og i samarbeid med andre
  • Du er god på å byggje relasjonar og evner å samarbeide og kommunisere godt
  • Du sett deg raskt inn i komplekse problemstillingar og løyser dei på ein gjennomtenkt og analytisk måte
  • Du er flink til å gjennomføre, kan planleggje godt og vere strukturert - òg når det er høgt tempo
  • Du trivst med å halde progresjon i arbeidet, men er tolmodig og uthaldande i kompliserte prosessar

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av Haukeland universitetssjukehus
  • Utfordrande oppgåver og fagleg utvikling
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
Bransje
IT,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

Rådgjevar, -, prosjektleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Rob Moi
Stillingstittel
Seksjonsleiar eHelse
Telefon
47 65 69 25
Kontaktperson
Stig Atle Gjøen
Stillingstittel
Gruppeleiar
Telefon
90 04 89 47
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 205567331
Sist endret 8. feb. 2021 00:21

Rapporter annonse