Utløpt

Kommunikasjonsrådgjevar Miljøløftet

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar i sekretariatet for Miljøløftet
Frist
09.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

Vil du bidra til berekraftig transport og byutvikling i Bergen og omegn?

Miljøløftet er eit felles namn for byvekstavtalen for Bergensområdet og bompengepakken i Bergen. Hovudmålet er nullvekst: I Bergensområdet skal klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten tas med kollektivtransport, sykling og gange. Miljøløftet er ei felles satsing mellom stat, kommunar og fylkeskommune. Les meir om Miljøløftet på Miljøløftet.no

Vi styrkar laget og søkjer etter kommunikasjonsrådgjevar til Miljøløftets sekretariat.

Vi søkjer deg som ønskjer å være med og utvikle kommunikasjon som ein ressurs for alle partane i Miljøløftet. Du har relevant utdanning og erfaring, og likar å arbeide med både operative og strategiske kommunikasjonsoppgåver. God kjennskap til ulike digitale løysingar, også sosiale media, er ein forutsetning. Du har god forståing for offentleg forvaltning.

Kommunikasjonsrådgjevaren inngår i eit sekretariat som rapporterer til styringsgruppa for Miljøløftet. Styringsgruppa er sett saman av byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, fylkesordførar, ordførarane frå alle kommunane i avtalen, jernbanedirektør, vegdirektør og statsforvaltaren i Vestland. Vegdirektøren leiar styringsgruppa. Den som får stillinga blir tilsett i Statens vegvesen. Leiar i sekretariatet har personalansvar og dagleg oppfølging.

Kontorstad er Bergen.

 

 


Arbeidsoppgåver

Den viktigaste oppgåva for kommunikasjonsrådgjevaren er å bidra til god flyt i alle deler av Miljøløftets arbeid. Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med er til dømes arbeid knyta til ulike haldningskampanjar, møter mellom partane, utarbeide pressemeldingar og nyhendesaker til miljøløftet.no, og lage og følje opp kommunikasjons-, tiltaksplanar og presentasjonar. Ein viktig del av sekretariatets oppdrag er å følgje opp vedtak i styringsgruppa, og heile sekretariatet deltar aktivt her. 

Kommunikasjon er eit av fleire verkemidlar for å nå måla i Miljøløftet. Kommunikasjonen skal synleggjere resultat, skape forståing for arbeidet og motivere innbyggjarane til å endre reisevanar i miljøvenleg retning.

Andre viktige arbeidsoppgåver:

  • Halde oversikt over arenaer der Miljøløftet kommuniserast og følge opp omtale i media i samråd med sekretariatsleiar
  • Innhente og formidle faktagrunnlag som kan styrke kommunikasjonen om ulike tiltak i Miljøløftet
  • Bidra i utvikling og oppfølging av system for oppfølging av kommunikasjon
  • Delta i arbeidet med å utarbeide årlege handlingsprogram for alle aktivitetane i Miljøløftet
  • Sikre offentlegheita god kommunikasjon om Miljøløftet
  • Ymse arbeidsoppgåver knyta til drift av sekretariatet, inkludert støtte til saksførebuing og anna administrativt arbeid

 


Kvalifikasjonskrav

Høgare utdanning innan kommunikasjon eller tilsvarande

Ønskjeleg med relevant erfaring frå liknande kommunikasjonsarbeid

Erfaring med digitale verktøy for kommunikasjon (SoMe, ulike publiseringsløysingar med meir)

Erfaring med og kjennskap til offentleg forvaltning.

Kjennskap til transportfaglege oppgåver og politiske prosessar er ein fordel.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert

oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

 

Dette vil vi òg vektlegge:

Fleksibilitet i høve til arbeidsoppgåver

God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Evne til å jobbe strukturert, målretta og sjølvstendig

Engasjement og ansvar

Gode samarbeidsevner


Stort engasjement og fagleg utvikling

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit tverrfagleg og tverretatleg arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr:

Ein spennande jobb i eit sterkt tverrfagleg miljø

Utfordrande og samfunnsnyttige oppgåver

Nærleik til politiske avgjerder

Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Arbeidsplass sentralt i Bergen

God tilrettelegging for fjernarbeid/heimekontorløysningar

Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse

Fleksibel arbeidstid

Høve til trening i arbeidstida

 

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

 

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.


Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med sekretariatsleiar Solveig Paule kontaktast på tlf. 930 53 457. De kan og ta kontakt med Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058.

 


Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning
Følg firma
1726 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 204517117
Sist endret 13. jan. 2021 22:51

Rapporter annonse