Utløpt

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Kriminalomsorgen region vest
Stillingstittel
Jurist (Rådgjevar/ seniorrådgjevar)
Frist
31.01.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kriminalomsorgen
Om stillinga

KRIMINALOMSORGEN  SOGN OG FJORDANE FRIOMSORGSKONTOR

Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagt under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Region vest med ca 500 tilsette har sin regionadministrasjon i Bergen. Region vest administrerar fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbustad og ND-senteret i Bergen. Sogn og Fjordane friomsorgskontor har hovudkontor i Florø og lokalkontor i Sogndal, med til saman 14 tilsette. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø. Stillinga er for tida plassert ved hovudkontoret i Florø.

Ein rådgjevar skal beherske sjølstendig sakshandsaming, retteleiing, analyse og utvikling innanfor eit gitt fagområde. Rådgjevar skal ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analyser, formidle analyser, målsetjingar og resultat på ein god måte.

Ein seniorrådgjevar skal ha eit sjølvstendig fagleg hovudansvar innanfor eit gitt fagområde. Seniorrådgjevar skal inneha kompetanse på høgt nivå og kunne utføre sjølvstendig problemløysing og analyse innanfor eit spesialisert fagområde. Seniorrådgjevar skal ha evne til å utføre særleg sjølvstendige arbeidsoppgåver, utgreiingsoppgåver, leie prosessar, utarbeide og kommunisere analyser, målsetjingar og resultat.


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming og juridisk oppfølging knytt til lov om straffegjennomføring. Alle typar søknader frå domfelte og klagesaker. 
  • Kontakt med samarbeidspartnare innan justissektoren med særleg fokus på politi/påtale og domstolane, samt kriminalomsorga sitt overordna nivå 
  • Juridisk rettleiing og opplæring internt, så vel som eksternt ovanfor samarbeidspartnare, innanfor lov om straffegjennomføring og generelle forvaltningsrettslege spørsmål 
  • Direkte kontakt og oppfølging med domfelte under straffegjennomføring 
  • Førebu og gjennomføre rettsmøter i samanheng med dommar med vilkår om narkotikaprogram med domstolskontroll

 

Noko reising i høve oppgåver.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

 


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • Juridisk embetseksamen/ master i rettsvitskap
  • Minimum 3 års relevant erfaring. For stilling som seniorrådgjevar kreves minimum 8 års relevant erfaring
  • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer 
  • God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - systemer eller verktøy
  • Førarkort klasse B

Det er ønskjeleg at du har

  • Kjennskap til straffegjennomføringskjeda 
  • Erfaring frå forvaltningssamarbeid

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivere og rettleie andre
  • Jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig

 


Vi tilbyr
  • Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgjevar og seniorrådgjevar med stillingskode 1434 og 1364 rådgjevar/seniorrådgjevar fra kr. 498 800- kr. 726 400 pr. år. Det blir trekt 2 % av lønna til innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn. Våre verdiar er: Openheit, respekt, profesjonalitet og engasjement.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.

Vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er høve til det. Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en kan opplysinga nyttast til registreringføremål.

Prøvetida er 6 månader.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til friomsorgsleiar Katrine Heggø tlf. 95 72 83 82.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.

Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Sektor
Offentlig
Sted
Strandavegen 13, 6905 Florø
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist
Følg firma
571 følger dette firmaet

Strandavegen 13, 6905 Florø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 204343382
Sist endret 12. jan. 2021 15:43

Rapporter annonse