Utløpt

Psykologspesialist/ teamleiar gruppepoliklinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
13.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kronstad DPS har ansvar for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune. Vi har ansvar for ca 90.000 menneske over 18 år. Kronstad DPS er ein stor klinikk delt inn i fagområda; psykose og allmennpsykiatri. Kronstad DPS tilbyr døgn,- dag,- ambulante og polikliniske tenester.

Seksjon Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk har behandlingsansvar for personar mellom 18 og 30 år med psykose. Seksjonen har eit tredelt tilbod; poliklinikk for unge med psykose, dagbehandling og gruppepoliklinikk. Vår tilnærming er recoveryorientert, og behandlingtilbodet tar utgangspunkt i nyare evidensbaserte metodar.

Gruppepoliklinikken gir tilbod om familiesamarbeid, psykoedukasjon/IMR-grupper, individuell jobboppfølging, fysisk aktivitet, musikkterapi og bileteterapi.
Som psykologspesialist vil du ha poliklinisk individuell pasientoppfølging, samt bistå på team. I tillegg består stillinga av å vere teamleiar med koordineringsansvar for tilbodet i gruppepoliklinikken, og vere med å bidra til fagutvikling av tilbodet.

Vi er ein fleirfagleg seksjon som består av overlege/psykiater, psykologspesialist/ psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, erfaringskonsulent, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, musikkterapeut, billedterapeut og jobbspesialist.Seksjonen er godkjend for tvungen psykisk helsevern utan døgn.

Vi har nå ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/teamleiar.


Les meir om oss

Arbeidsoppgåver

Følgjande arbeidsoppgåver er sentrale: 

  • Behandlingsansvar og utreiingsoppgåver for nysjuke pasientar mellom 18 og 30 år
  • Spesialistansvar i pasientsaker og ved akutte vurderingar
  • Delta i team om pasientsaker
  • Koordineringsansvar for tilbodet i gruppepoliklinikken, og vere med å bidra til fagutvikling av tilbodet
  • Oppsøkjande verksemd, det er ønskjeleg med førarkort
  • Familiesamarbeid
  • Fleksibilitet med tanke på arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
  • Brei klinisk erfaring frå psykiatri/rusfeltet og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/eller kommunalt tenesteapparat

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykose
  • Du har særs gode evne til kontaktetablering og er nettverkskyndig
  • Du har tolmod og evne til å jobbe langsiktig og samtidig kunne handtere akutte situasjonar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til god munnleg og skriftleg framstilling.
  • Det er viktig at du er engasjert i faget og bidrar aktivt inn i teamet
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Det vil bli lagt til rette for fagleg og personleg utvikling og gjer moglegheit for å delta i innovativt pasientarbeid innan psykosebehandling
  • Høgt fagleg nivå
  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Fleksibilitet i arbeidstida

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykologspesialist,, pykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Line Nøkland
Stillingstittel
Leiar
Telefon
55 95 63 61
Kontaktperson
Stig-Arthur Didriksen
Stillingstittel
Avdelingsjef
Telefon
55 95 60 00
Følg firma
2257 følger dette firmaet

5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 196654514
Sist endret 23. nov. 2020 13:28

Rapporter annonse