Utløpt

Har du institusjonserfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon?

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut 100 % vikariat
Frist
11.11.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillinga

Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling blant våre tilsette. Dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, gitte føringar i Rettigheitsforskriften (som omhandlar m.a. urinprøvetaking og kroppsvisitering, og at dette skal utførast av tilsette med same kjønn som ungdommen). På bakgrunn av dette oppmodar vi menn til å søkje.

Vi har ledig et vikariat som miljøterapeut fra snarest, med varihet til 01.09.2021 med mulighet for forlengelse.


Arbeidsoppgåver/ansvarsområder
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i h.h.t. læringsbasert rusbehandling - LBR Delta i utforming av og følgje opp ungdomens einskilde planar
  • Delta i behandlingsmøter/samtaler med ungdommen og eksterne samarbeidspartnere
  • Legge til rette for og delta i tett samarbeid med foreldre Journal- og dokumentasjonsansvar
  • Vaktansvar.
  • Delta i regelmessig veiledning og konsultasjon
  • Delta i praktiske gjøremål

Kvalifikasjonskrav

Minimum treårig relevant høyskoleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarende 180 studiepoeng. For ansettelse i SKO 1494, 1495 og 1508 kreves fullført utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleier. 

  • For tilsetjing som miljøterapeut vert det kravd minimum treårig relevant høyskoleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarende 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med relevant mastergrad, eller vidareutdanning innan klinisk miljøterapi, rus, familiebehandling o.l. er ønskjeleg
  • Kjennskap til behandlingsmetodens teoretiske grunnlag (læringsteori og kognitiv atferdsterapi) er ønskjeleg
  • Det er ønskjeleg med institusjonserfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd, psykiatri.
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagd.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy
  • Det vert krevd førarkort klasse B for personbil.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Løysingsfokusert
  • Metodelojal
  • Vere og framstå som trygg i alle type situasjonar
  • Vere i stand til å handtere uforutsette hendelingar på ein forsvarleg måte
  • Gjennomføre risikovurderingar og iverksette tiltak etter behov
  • Evne til romsligheit, fleksibillitet og sjølvstendigheit
  • Toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag
  • Punktleg, og evne til å arbeide strukturert og metodisk
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagd.

Vi tilbyr
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom eller 1508 vernepleiar i lønsramme 15, alt. 5-11, p.t. kr 387 900 - 526 000 pr. år (ltr 40-59) Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, i lønsramme 18, alt. 5-11, p.t. kr 458 000 - 555 800 pr. år (ltr 51-62) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, i lønsramme 18, alt 7 - 11, p.t. kr 458 000- 555 800 pr. år (ltr 51 - 62)
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysninger
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Vi ønskjer oss derfor medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rett kandidat bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
  • Politiattest vert kravd ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25

Kontaktinformasjon

Einingsleiar Nina Thorbjørnsen, tlf 466 188 91

e-post: nina.thorbjornsen@bufetat.no

Søknad skal med CV sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varighet skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Bjørgvin ungdomssenter tilbyr Læringsbasert rusbehandling (LBR) Målgruppen er ungdom med alvorlige atferdsvansker, herunder alvorlige og vedvarende usproblemer.  Rusbehandlingen bygger på læringsteoretiske prinsipper og kognitiv atferdsteori. Det tilstrebes at ungdommen skal gjenkjenne eget rusmønster og opparbeide seg ferdigheter og mønstre som erstatter rusatferden. Det legges stor vekt på samarbeid med familie og ungdommens naturlige nettverk, samt opprettholde/etablere skole-/dagtilbud.
Bjørgvin ungdomssenter sitt tilbud om rusbehandling videreutvikles i samarbeid med Jong ungdomshjem og NUBU.

Bjørgvin ungdomssenter har som målgruppe ungdom i alderen 13-18 år med rusmisbruk som hovudproblematikk. Senteret har plass til 8 ungdommar, fordelt på 2 avdelingar med 4 plassar på kvar avdeling. Avdelingane ligg på Bønes i Bergen. Plasseringsgrunnlag er §§ 4-26/4-24 i Lov om barneverntenester. 

Sektor
Offentlig
Sted
Bønesskogen 333, 5154 Bønes
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4304 følger dette firmaet

Bønesskogen 333, 5154 Bønes

Annonseinformasjon

FINN-kode 196468779
Sist endret 28. okt. 2020 16:29

Rapporter annonse