Utløpt

Digital produsent

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Digital produsent
Frist
27.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Har du kunnskap om, og erfaring med produksjon av digitalt innhald? Er du kreativ og har god innsikt i digital formidling?
 

RVTS Vest, rvtsvest.no, skal vere ein samarbeidspartnar for tenestene i region vest innanfor:

* Traume og traumatisk stress, inkludert fokus på veteranar og psykososial beredskap
* Vald og overgrep
* Førebygging av sjølvmord og sjølvskading
* Fyktningehelse og tvungen migrasjon

Vi driv undervising, konsultasjon, rettleiing og nettverksbygging.

Vi meiner at kloke handlingar spring ut av kunnskap, tryggleik og samhandling, sjå meir om RVTS Visjon.

Som medarbeidar ved RVTS Vest vil di hovudoppgåve vere å utvikle digitalt innhald, med hovudvekt på digital undervising. Du vil i samarbeid med dine kollegaer utvikle teknisk og pedagogisk godt undervisings-, informasjons-, og promoteringsmateriell. Stillinga krev høg grad av sjølvstende, samt gode samarbeidsevner.

Vi kan tilby eit kreativt og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Kvalitetssikre uttrykk og pedagogisk utforming av senterets digitale formidling
  • Du vil få teknisk/praktisk ansvar for planlegging og produksjon av digital undervising og opplæring, eksternt og internt
  • Du vil ha ansvaret for produksjon av video og lyd til ulike formål (webinar/film/podcast/streaming av arrangement)

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning og arbeidserfaring frå lyd/bilete
  • Erfaring med relevante målgrupper og fagmiljø er ein fordel
  • Du har erfaring med medieproduksjon på ulike digitale flater (læringsportalar/konferansesystem)
  • Du har oversikt over verktøy og publiseringsløysingar som eignar seg til digital formidling
  • Du er opptatt av brukarvenlege løysingar
  • Du har god skriftleg og munnleg formuleringsevne 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • er initiativrik med høg gjennomføringsevne
  • jobbar systematisk og målretta
  • er oppdatert på trendar og utvikling innan faget og kan begeistre oss med din kunnskap om digital læring
  • er engasjert og har gode samarbeidsevner
  • er samfunnsengasjert òg innan våre fagområde

Personleg eignaheit vil tilleggast stor vekt

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg påfyll, òg innanfor våre fagområde
  • Eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø der du får stor fridom til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Fleksible og gode arbeidstidsordningar
  • Lyse og moderne lokale i Ulriksdalen i Bergen
  • Løn og vilkår etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med Helse Bergen sine retningsliner

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Ulriksdal 2, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Journalist,
PR og informasjon

Nøkkelord

Digital, produksjon;, Kommunikasjon;, Informasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Espen Rutle Johansson
Stillingstittel
Senterleiar/ Psykologspesialist
Telefon
41 31 45 55
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Ulriksdal 2, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 194640759
Sist endret 12. okt. 2020 12:54

Rapporter annonse