Utløpt

Statistikar innan medisinsk og helsefagleg kvalitetsutvikling/forsking

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Statistiker innen medisinsk og helsefaglig kvalitetsutvikling/forskning
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus, seksjon for forsking og innovasjon, søkjer etter ein eller fleire statistikarar i 100% faste stillinger for å styrkje helseregionens statistikarkompetanse knytt til Regionalt Kompetansesenter for klinisk forsking og Regionalt fagsenter for medisinske kvalitetsregistre.


Både klinisk forsking og medisinske kvalitetsregistre har som overordna mål å forbetre behandling og oppfølging av pasientar i spesialisthelsetenesta. Eit aktuelt eksempel på eit medisinsk kvalitetsregister som utgår frå Helse Vest er Norsk Intensiv og Pandemiregister, som er eit nyoppretta register som følger pasientbehandling av COVID19-pasientar nasjonalt. Kvart år publiserast fleire tusen vitskapelege artiklar i spesialisthelsetenesta i Noreg, og statistisk analyse er opplagt svært sentralt.

Arbeidet føregår i eit spennande og utfordrande kryssingsfelt mellom statistisk metode og kliniske problemstillingar. Arbeidsoppgåvene er varierte og ein vil inngå i tverrfaglege team og samarbeid knytt til ulike kliniske miljø og forskingsgrupper. Kopling mellom ulike datakjelder og stordataanalyser / kunstig intelligens kan være aktuelt. Arbeidsplassen er Haukeland universitetssjukehus, men arbeidsoppgåvene vil være regionale og knytt til dei fire helseføretaka i Helse Vest: Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Fonna. 

Arbeidsoppgaver

  • Støtte til planlegging og design av studiar i klinisk forsking (inkl. styrkjeberekning, oppbygning av databasar)
  • Rettleiing og gjennomføring av statistisk analyse
  • Integrasjon og støtte til kvalitetssikring av data frå ulike kjelder 
  • Vitskapeleg publisering og/eller rapportering
  • Deltaking i nasjonale og internasjonale fagmiljø, prosjekt mm.
  • Formidling og undervisning
  • Andre oppgåver i seksjonen

Kvalifikasjoner

  • Mastergrad/hovudfag eller høgare innan statistikk, biostatistikk, matematikk, epidemiologi eller tilsvarande fag basert på kvantitative analyse.
  • God fagleg kompetanse på både enkle og avanserte statistiske metodar.
  • God kjennskap til statistiske analyseverktøy (R, Stata og/eller SPSS).
  • Kunnskap i programmering, databaser (SQL, mm.) og automatisering i samband med datahandtering er ein fordel.
  • Erfaring med analyse av kliniske data er ein fordel.
  • Erfaring med rettleiing og prosjektarbeid er ein fordel.
  • Kompetanse innan visualisering og pedagogisk framstilling av data er ein fordel.
  • God munnleg og spesielt skriftleg framstillingsevne på engelsk og norsk er eit krav.
  • Erfaring frå bioinformatikk og/ eller maskinlæring er ein fordel.

Personlige egenskaper

  • Analytisk
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Flink til å prioritere arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Spennande, faglig utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit statistisk miljø med høgt faglig nivå med moglegheiter for å arbeide med spennande data lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Tilgang til større regionale, nasjonale og internasjonale statistiske nettverk
  • Moglegheiter for fagleg utvikling, ved mellom anna deltaking på kurs og konferansar i inn- og utland
  • Fleksibel arbeidstid
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
     

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Bransje
Annet,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Annet,
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
IT utvikling / Database

Nøkkelord

statistikk,, statistisk, analyse,, programmering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Renate Grüner
Stillingstittel
Forskningsdirektør
Telefon
48 11 06 77
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 184142834
Sist endret 7. jul. 2020 13:14

Rapporter annonse