Utløpt

Er du klar for ein givande sommar?

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Er du klar for ein givande sommar?
Frist
29.03.2020
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar, og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus. Vi driv med portørtenester, forsyningstenester og varemottak. Vi lagar mat til pasientar, pårørande og tilsette. Vi reingjer tekstilar og senger, utfører det daglege reinhaldet og andre reinhaldstenester. Vi driv og eit kurs- og konferansesenter, sikkerheitstenester og bemannar sentralbordet.

Kvar sommar treng vi flinke og engasjerte sommarvikarar til å oppretthalde dagleglivet i sjukehuset. Vi søkjer no sommervikarar til Hospitadrift Reinhald.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, nedvask (hovudreinhald), smittevask og produksjon av reine senger. 

Søkjarar må ha fylt 18 år innan oppstart i sommarjobben og må kunne jobbe samanhengande i minimum 4 veker. Ferieperioden i Hospitaldrift Reinhald strekk seg frå veke 26-34. Du må oppgi når du kan jobbe, og dei søkjarane som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte .

Hospitaldrift Reinhald har turnusarbeid, hovudsakleg på ettermiddag, kveld og helg. Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norskkunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig.

Førerkort er nødvendig i nokre av stillingane. 

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du arbeidar godt i lag med andre, og tar ansvar for at jobben blir gjort skikkeleg

Vi tilbyr

  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvene 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
25
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Renhold

Nøkkelord

Sommervikarer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Grete Romfo
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
55 97 21 01
Kontaktperson
Ravi Ratnasingham Pasupathy
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
97 46 97 48
Kontaktperson
Vibecke H E Nilsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
46 83 83 92
Kontaktperson
Olaf Løken Børsheim
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 21 04
Kontaktperson
Jonny Rikstad
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 21 16
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 171504717
Sist endret 26. feb. 2020 07:53

Rapporter annonse