Utløpt

Byggjeleiar for driftskontrakt Hardanger, Odda

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Byggjeleiar
Frist
26.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggjeleiar for driftskontrakta Hardanger. Kontrollingeniør kan det også verte behov for.Stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen, og er f.t. knytt til vegseksjon Voss og Hardanger. Kontorstad vil vera Odda.

Grunna regionreforma kan oppgåvene verte overførd til Vestland fylkeskommune frå 1.1.2020.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår og kan løyse utfordringane som er i ein driftskontrakt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av kontrakta, som m.a: 

  • oppfølging av kontrakt med entreprenør
  • halde byggemøte og skrive referat, rapportere og følgje opp økonomi, kvalitet og framdrift
  • delta aktivt i HMS-arbeidet
  • vere ute på vegen for å halde kontroll av tilstand på vegnettet
  • delta i utarbeiding av nye konkurransegrunnlag for driftskontrakter
  • kontakt med kommunar og grunneigarar

Kontrollingeniør:

Hovedoppgåva vil vere å kontrollere at entreprenør leverer i tråd med krava i kontrakta. Dokumentasjon av kvalitet på aktuelle prosesser er også en del av ansvaret


Kvalifikasjonskrav

For begge stillingane vert det kravd  kravd minimum 3-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

God fagleg tyngd frå gjennomføring av drifts- og vedlikehaldsoppgåver på veg er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenøren på ein god måte.

Du har fokus på og forstår viktigheita at eit godt HMS-arbeid. Du må og kunne uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg, vere god på dokumentasjon og kunne syne til gode samarbeidsevner.

Stillingane inngår i det faglege felleskapet vi har på seksjonen. Dei fleste oppgåvene vil vera knytt til investeringskontraktar, men du vil og få gode mulegheiter til å utfordre deg sjølv på oppgåver du ikkje har prøvd før.

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring
  • kontraktsforståing
  • kunnskap om regelverk innan aktuelle fagfelt
  • gode datakunnskapar
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert

 Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 


Kontaktperson

Seksjonsleiar Lars Øyre, tlf. 908 25 865.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing

 

Sektor
Offentlig
Sted
Eitrheimsvegen 160,, 5750 Odda
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør
Følg firma
446 følger dette firmaet

Eitrheimsvegen 160,, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 155138912
Sist endret 17. aug. 2019 00:00

Rapporter annonse