Utløpt

Familiekontora for Sunnfjord og Sogn

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog/familieterapeut
Frist
15.09.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillinga

Ved Familiekontoret i Sogndal, som er ein del av Familiekontora for Sunnfjord og Sogn, vert det ledig eit vikariat i 100 % stilling for psykolog, evt. for familieterapeut. Vikariatet har varigheit på 12 månader, med moglegheit for forlenging, og vert ledig frå medio oktober 2019.


Arbeidsoppgåver/ansvarsområde
  • Rådgjeving og terapeutisk arbeid med par, enkeltpersonar og familiar som opplev problem, konfliktar eller kriser og som ønskjer hjelp med relasjonelle forhold. Familiar med born har prioritet, og born deltek i aukande grad i samtaler på kontoret.
  • Mekling etter Lov om ekteskap og Lov om barn og foreldre.
  • Tilsynsoppgåver ved foreldre sitt samvær med born, når det er fastsett av retten at det skal være samvær med støttande tilsyn.
  • Utadretta arbeid i form av undervisning, og kurs- og gruppetilbod.
  • Deltaking i intern fagutvikling.

Kvalifikasjonskrav

Psykolog: Godkjenning som spesialist i psykologi, evt. profesjonsutdanning i psykologi og godkjenning som psykolog.

Familieterapeut: Treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som sosionom e.l., og med vidareutdanning i familieterapi, evt. annan relevant vidareutdanning tilsvarande minimum 60 studiepoeng.

  • Krav om relevant arbeidserfaring.
  • Klinisk fordjupning og masterkompetanse kan vere ønskjeleg.
  • Ønskjeleg med kompetanse/erfaring frå eit eller fleire av følgjande fagområde:
    • arbeid med born og ungdom
    • familievold
    • arbeid med born og foreldre i familiar med høgkonflikt

Personlege eigenskapar
  • God evne til fagleg refleksjon.
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og til å kunne jobba både sjølvstendig og i team.
  • God arbeidskapasitet, og interesse for å møta faglege utfordringar.
  • Det vert lagt stor vekt på om søkjarane er personleg eigna, og det vert teke omsyn til samansetjing av fagteamet ved kontoret.

Vi tilbyr
  • Psykologstilling er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1304, psykolog med godkjent spesialitet, med løn p.t. fra kr. 640 200 - kr. 813 400 pr. år (ltr 70 -80), eller i stillingskode 0794, psykolog, med lønn fra p.t. kr. 488 000 -  kr. 640 200 pr. år (ltr 55 - 70). Familieterapeutstilling er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1173 klinisk sosionom, 1185 spesialutdanna sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, lønnsramme 18, alt. 3-11, p.t. kr 402 600 - 532 300 pr. år (ltr. 43 - 60), eller som kode 1434 rådgiver, p.t. kr 414 600 - 583 900 pr. år (ltr. 45 - 65). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gustig rente, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysningar
  • Bufetat ønsker å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i befolkninga sine samla kompetansar. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nyansettelsar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV'en. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV'en kan bli brukt til registreringsformål.
  • Stillinga er for tida lagt til familiekontoret i Sogndal.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktinformasjon

Hanne Veum, tlf. 46615701, epost: hanne.skei.veum@bufetat.no

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Familiekontora for Sunnfjord og Sogn har avdelingskontor i Førde og Sogndal, med til saman 15 tilsette.

Ved kontoret i Sogndal er det 3,4 terapeutstillingar. Kontoret dekkjer kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. Kontoret har utekontordagar i Årdal. 

Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 5, 6856 Sogndal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4304 følger dette firmaet

Parkvegen 5, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 153321355
Sist endret 29. jul. 2019 09:40

Rapporter annonse