Utløpt

Økonomirådgjevar i Stavanger

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Økonomirådgjevar i Stavanger
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Bli kjent med Statens Vegvesen
Om stillinga

Vi søkjer ein motivert og sjølvstendig medarbeidar til ledig økonomistilling i Statens vegvesen med kontorstad Stavanger.   

Økonomiseksjonen si viktigaste oppgåve er å bidra til god økonomistyring, og leverer rådgjevingstenester innan budsjett, rekneskap og økonomistyring til prosjekt, budsjettansvarlege og leiarar. Den ledige stillinga vil i hovudsak ha arbeidsoppgåver inn mot bompengeprosjekt, drift, vedlikehald og utbygging av riksvegprosjekt i Rogaland.   

I tillegg til generell økonomisk rådgjeving og leiarstøtte vil du få internkontrolloppgåver for å sikre kvalitet i rekneskapen, og controller- / analyseoppgåver for å sikre god kostnadskontroll og grunnlag for beslutningar.

Vi ønskjer å knyte til oss ein sjølvgåande og initiativrik medarbeidar som har god kunnskap om økonomistyring, fortrinnsvis i offentleg sektor, og som har god kompetanse i bruk av IT-verktøy (rapportgenerator og Excel).


Kvalifikasjonskrav
  • Økonomisk utdanning på høgskulenivå, minimum 3 år. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Eigenskapar som vi vil leggje vekt på:  

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner (munnleg og skriftleg)
  • Sjølvstendigheit og fleksibilitet til arbeidsoppgåver
  • Interesse for utvikling og forbetring av rutinar

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som deler kunnskap og jobbar tett saman. Vi gir deg oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Løn blir avtalt nærare i samsvar med lønspolitikken vår.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Kontaktperson

Seksjonsleiar Einar Kvam på mobil 97536996. Søknadsfrist 05.08.2019.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

 

 

Sektor
Offentlig
Sted
Bergelandsgata 30,
4012 Stavanger
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Følg firma
2551 følger dette firmaet

Bergelandsgata 30, 4012 Stavanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 150384173
Sist endret 18. jun 2019 09:18