Byggjeleiar for drift -og vedlikehaldskontraktar, Bergen
- Arbeidsgiver
- Statens vegvesen
- Stillingstittel
- Byggjeleiar
- Frist
- 03.02.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Ved vegseksjon Bergensområdet, drift - og vedlikehaldsgruppa, har vi no ledig stilling som byggjeleiar.
Seksjonen har ansvar for store og små investeringsprosjekt, samt drift -og vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Bergen og omkringliggande kommunar.
Seksjon har kontorstad i Bergen sentrum og er i dag vel 50 tilsette. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.
Arbeidsoppgåver
Drift- og vedlikehaldsgruppa har m. a ansvar for ein av dei største driftskontraktane i Noreg. Kontrakten omfattar vel 800 km veg og dekkjer delar av E16 og E39. Som byggjeleiar får du hovudansvar for kontrakten både når det gjeld HMS, kvalitet og økonomi. Du samarbeider tett med driftsentreprenør, men også kommunar, grunneigarar, brukarane av vegnettet, samt med dei interne kontrollingeniørane på kontrakten.
Kvalifikasjonskrav
Utdanning frå universitet/ høgskole min. 3 år. eller 2-årig teknisk fagskole med fagkrins innan bygg-/anlegg. Utdanningskrava kan avvikast, for søkjarar med omfattande og relevante erfaring innan fagområda og elles gode føresetnadar for stillinga.
Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattearbeid, må påreknast .
Vi søkjer ein erfaren byggjeleiar med god forståing for byggjeleiarrolla. Vi ønskjer at du har operativ erfaring frå arbeid innanfor bygg,- anleggs - og eller drifts-/vedlikehaldskontraktar.
Du trivast med å skape resultat saman med andre, er tydeleg, løysingsorientert og har stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomførd.
Du må ha gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg. Evne til å skapa godt samarbeid med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast med å arbeide både ute og på kontorplassen.
Vi vektlegg:
- Samfunnsengasjement
- Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
- At du trivs med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre.
- At du aktivt er med å skape eit triveleg og godt arbeidsmiljø
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda
- Introduksjonsprogram og fadderordning
- Fleksitid og gode ordningar for avspasering
- Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Søknad
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar Håkon Toverud, tlf. 55516228/91749175
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med
ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.
Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Bransje
- Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
- Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging