Utløpt

Spesialrådgjevar ved Regionalt fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialrådgjevar ved Regionalt fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest
Frist
17.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Regionalt fagsenteret for medisinske kvalitetsregister har no ledig fast 100% stilling.

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest yter service til alle dei lokale føretaka i regionen, og er organisatorisk lagt til Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Bergen.

Fagsenteret har ei viktig oppgåve knytt til rettleiing ved etablering og oppfølging av kvalitetsregistra. Registra er oppretta for å dokumentere aktivitet og behandlingsresultat for å oppnå kvalitetsforbetring. Data frå registra gir
grunnlag for å evaluere kvalitet og helsegevinst, og dannar grunnlag for forbetringsarbeid, forsking og styring av verksemda. Som regel er registra initiert og starta av fagmiljøa sjølve, mens fagsenteret gir service, rettleiing og føringar for registra. Servicemiljøet er tverrfagleg og har seks årsverk og er ein del av det nasjonale servicemiljøet ved Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord.

Rådgjevaren skal inngå i eit team som arbeider med å byggje opp medisinske kvalitetsregister som skal nyttast i forbetringsarbeid. Det gjeld både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk formidling av kvalitetsforbetringsområde opp mot fagmiljø, administrasjon og leiing i helseføretaka i Helse Vest, samt til nasjonale myndigheiter.
  • Gjennomføring av oppgåver knytt til strategi for det regionale registerarbeidet.
  • Undervising og formidling av oppgåver som fagsenteret har ansvar for.
  • Saksførebuing, utforming av dokumenter, saksbehandling for overordna organ og myndigheiter samt møtereferat.
  • Utlysing av stimuleringsmidlar.
  • Utforme rapportar og utgreiingsarbeid.
  • Støtte og rettleie på kva måte registra kan bidra i kvalitetsforbetringsarbeid, m.a. å identifisere kliniske kvalitetsforbetringsområde og støtte gjennomføring av forbetringsarbeid. Opplæring og rettleiing i forbetringsmetodikk innan området forbetringsarbeid vil vere ei sentral arbeidsoppgåve. Medarbeidaren vil inngå i eit nasjonalt kompetansemiljø på kvalitetsforbetringsområdet.
  • Bidra til formidling av resultat til det regionale føretaket, dei lokale føretaka, fagmiljøa og pasientane mfl.
  • Oppgåver knytt til generell rettleiing av registra, m.a. støtte til etablering og utvikling av kvaliteteregistre og rådgjeving i saker som gjeld kvalitetsregisterfeltet.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein person med formell utdanning på mastergradsnivå eller høgare.
  • Det er ønskjeleg med dokumentert kompetanse og erfaring i forbetringsmetodikk. For ein godt eigna person vil det bli gitt nødvendig opplæring.
  • At personen har utdanning i /erfaring med undervisning og møteleiing blir også positivt vektlagt.
  • Søkjar må naturleg kunne handtere norsk både munnleg og skriftleg. Særleg vil god skriftleg framstillingsevne bli vektlagt.
  • Det blir lagt vekt på personleg engasjement, å vere eigna til jobben og ha vist gode samarbeidsevner.

Utdanning

  • Allmennfag/naturfag/realfag
  • Helsefag
  • Høgskule/universitet, doktorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Medisin
  • Samfunnsfag

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Eigenskapar

  • Omgjengeleg
  • Serviceinnstilt
  • Resultatorientert
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Analytisk
  • Ein god teamarbeidar
  • Flink til å prioritere arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver.
  • Fagleg utvikling.
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5021 Bergen
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Guldbrandsøy
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
55 97 55 59
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 138349438
Sist endret 4. feb. 2019 07:18

Rapporter annonse