Sjukepleiar/Vernepleiar. 100% fast stilling
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen - Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Vernepleiar. 100% fast stilling
- Frist
- 12.08.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplasser og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken Sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å tryggje utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Seksjon S3 har ledig ei fast stilling i 100% med oppstart 01.10.2018. Stillinga er med arbeid pt. dag, kveld og kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakt
- Teamarbeid
- Administrering av medisin
- Miljøterapeutisk arbeid:
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Observere og dokumentere
- Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring frå psykiatri er ønskjeleg
- Arbeidserfaring frå Noreg
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Utdanning
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- sjukepleiar/vernepleiar
Eigenskapar
- Vi ønskjer medarbeidarar som:
- har respekt for den enkelte pasient
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- ønskjer og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Utfordringar og læresituasjonar
- Fadderordning
- Kursing i TERMA - terapeutisk meistring av aggresjon
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervising
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- ., 5036 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier / Psykiatri,
- Sykepleier,
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Trude Merete Ramberg
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 85 30
- Kontaktperson
- Jeanette Westerås
- Stillingstittel
- Ass. avdelingsleiar
- Telefon
- 55 95 87 34
Følg firma
2250 følger dette firmaet
., 5036 Bergen