Utløpt

Intensivsjukepleiar og sjukepleiar med minimum 3 års erfaring innan kirurgi

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kirurgisk klinikk, Nasjonalt brannskadesenter
Stillingstittel
Kirurgisk klinikk, Nasjonalt brannskadesenter
Frist
30.04.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling som spesialsjukepleiar og 1-års vikariat for autorisert sjukepleiar med minimum tre års erfaring innan kirurgi. Moglegheit for forlenging/fast stilling. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg. Vikariata er ledig frå snarast.

Avdelinga har nasjonal behandlingsteneste for avansert behandling av brannskadar og har 8 sengeplassar fordelt på 5 intensivsenger og 3 standard senger. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.

For stillingane er det krav om dokumentert autorisasjon. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Nasjonalt brannskadesenter er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar.
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar.
  • Arbeid knytt til sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere autorisert sjukepleiar med minimum tre års erfaring innan kirurgi/spesialsjukepleiar
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleie
  • Sjukepleie videreutdanning
  • Spesialsjukepleiar/Sjukepleiar
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Eigenskapar

  • Vi ønskjer oss medarbeidarar som søkjer faglege utfordringar, og som liker å arbeide i team, også tverrfagleg team. Søkjar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert. Søkjar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ulempetillegg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs for nye tilsette

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelalandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Hege Furnes Hilt
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Telefon
55 97 35 60
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelalandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 117345625
Sist endret 5. apr. 2018 09:59

Rapporter annonse