Utløpt

Assisterande seksjonsleiar til Akuttmedisinsk avdeling

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kirurgisk serviceklinikk, Haukeland universitetssjukehus
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar til Akuttmedisinsk avdeling
Frist
21.03.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vi søkjer ein assisterande seksjonsleiar som ønskjer å bidra til god og effektiv drift av nye ambulanseområder.

Vi søkjer deg som er opptatt av god flyt og samhandling, og som ønskjer å bidra til vidare utvikling av ambulanseeininga til Haukeland universitetssjukehus.

Om Akuttmedisinsk avdeling
Kirurgisk serviceklinikk er ein av dei største klinikkane ved sjukehuset og Akuttmedisinsk avdeling er den største avdelinga i Kirurgisk Serviceklinikk med vel 260 tilsette.

Akuttmedisinsk avdeling har ansvaret for ambulansedrifta og naudmeldetenesta i føretaket og dekker områda frå Austevoll i sør, Gulen i nord, til Eidfjord i aust og Sotra i vest. Vi er organisert i ambulanseområder, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og luftambulansen i Bergen. Det er til ein kvar tid om lag 20 lærlingar i ambulansefaget ved akuttmedisinsk avdeling , vi har eigne instruktørar for utrykkingskøyring og vi driv akuttmedisinsk opplæring av ulike personellgrupper. Samhandling med kommunane i vårt opptaksområde blir stadig viktigare og som leiar i avdelinga blir du sentral i arbeidet med å oppretthalde og vidareutvikle prosessane vi allereie har.

Du er ein fleksibel og ansvarleg person som ønskjer å bidra til at ambulanseområda sine ressursar blir forvalta til det beste for sjukehuset og pasientane våre.

Ambulanseeininga har dei siste åra vore i endring både med omsyn til omfang og driftsmodell. Ambulansedrifta vil no endrast frå å være delt inn i to seksjonar til tre seksjonar. Dei tre områda vil bli Sør-Vest (Fusa-Os-Fana-Austevoll-Straume-Godvik-Askøy), Nord (Åsane-Osterøy-Knarvik-Austrheim-Gulen) og Sentrum-Øst (Bergen sentrum-Dale-Voss-Eidfjord-Kvam). Årsbudsjettet for kvar seksjon blir om lag 50 millionar. Det vil være om lag 80 tilsette i kvar seksjon og det vil være, saman med seksjonsleiar, tilknytt ein assisterande seksjonsleiarar.

Som assisterande seksjonsleder vil du ha fag-, økonomi og personaloppgåver. Du vil rapportere til seksjonsleiar og være del av den utvida leiargruppa i Akuttmedisinsk avdeling. Det forventas at du følgjer opp og besøker dei ulike ambulansestasjonane tilknytt seksjonen du vert tilsett i, men pt. vil oppmøtestad være Voss.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling av seksjonen i samarbeid med seksjonsleiar
  • Personaloppgåver
  • Bemanning og arbeidsplanar, dag til dag-styring av tilsette
  • Fagleg utvikling av dei tilsette
  • Kompetansekartlegging, kompetanse- og fagutvikling
  • Dagleg oppfølging av drifta av ambulansestasjonane
  • Ansvar og oppfølging av andre saker

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning med godkjenning i Noreg. Særs relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande helsefagleg utdanning.
  • God kjennskap til turnus- og arbeidstidsplanlegging
  • Kunnskap i Gat eller tilsvarande verktøy er en fordel
  • Leiarerfaring er ønskeleg
  • Erfaring frå beredskapsarbeid og/eller prehospital erfaring er ønskeleg
  • Kjennskap frå spesialisthelsetenesta og helsetenesta er ønskeleg
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper og avdelingar
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
  • God IKT - kompetanse (Windows operativsystem og Office-pakka)
  • Gode evner til saksførebuing og skriftleg framstillingsevne
  • Må meistre norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort klasse B, og det er ønskeleg med klasse C1

Utdanning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Ambulansefag
  • Fagskule/fagbrev
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Profesjonsstudium
  • Sjukepleie
  • Sjukepleie/Paramedic

Eigenskapar

  • Tek ansvar og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Er fleksibel i forhold til arbeidstid og oppgåver
  • Arbeider strukturert
  • Er engasjert og engasjerer andre
  • Er resultatorientert og tar avgjerder til det beste for heile avdelinga
  • Har fokus på å skape og å bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • God i formidling
  • Gode samarbeidsevner
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team, og kan ta eigne initiativ
  • Kan både få og gi tilbakemeldingar når det er nødvendig
  • Handlekraftig, lojal, robust og inkluderande

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
., 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell,
Sykepleier
Følg firma
2256 følger dette firmaet

., 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 115412797
Sist endret 6. mar. 2018 15:11

Rapporter annonse