Utløpt

Psykologspesialist eller psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Øyane DPS, allmennpsykiatrisk døgnbehandling
Stillingstittel
Psykologspesialist eller psykolog
Frist
15.02.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vi har ledig stilling for psykologspesialist ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk døgnbehandling. Psykolog med relevant erfaring kan også søkje. Startdato etter nærare avtale.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Vi flytta inn i moderne lokale i 2011 og er lokalisert på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum.

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Området har 65 000 innbyggjarar og har hatt sterk befolkningsvekst. Her finn du to sengepostar: allmennpsykiatrisk seksjon med 12 plassar og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar. Vidare har vi ein rehabiliteringspoliklinikk og eit ambulant akutteam som er knytt til allmennpsykiatrisk poliklinikk.

Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open seksjon som primært tilbyr korttidsbehandling og eit ledd i ein behandlingskjede for menneske med allmenne psykiske lidingar. Vi ynskjer tilsette med god arbeidskapasitet, som likar ein variert arbeidskvardag, er løysingsorientert, positive og trivst i eit tverrfagleg miljø.

Forutan erfarne sjuke- og vernepleiarar, der fleire har vidareutdanning, er det på seksjonen overlege, psykologspesialist og for tida psykolog i spesialisering. Seksjonen er godkjend tenestestad for LIS. Det blir lagt stor vekt på fagutvikling og vi ønskjer å leggje til rette for kompetanseheving og etterutdanning.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Bidra i fagutvikling og forsking
  • Rettleiingsoppgåver og samarbeid med 1.linetenesta
  • Rettleiing/opplæring av psykologar i spesialisering

Kvalifikasjonar

  • Godkjend spesialist i klinisk psykologi
  • Psykolog
  • Norsk autorisasjon
  • Relevant erfaring
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Profesjonsstudium
  • Psykologi
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra i vårt gode arbeidsmiljø
  • Personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn etter avtale
  • Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
  • Spanande utviklingsoppgåver

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunvor Vollen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
56 32 66 10
Kontaktperson
Eva-Mette Haldorsen Leknes
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
56 32 66 10
Følg firma
2249 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 112683136
Sist endret 23. jan. 2018 07:34

Rapporter annonse