Summer internships - Camp Sognekraft
- Søknadsfrist 27.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
- Antall stillinger 4 stillinger
Fornybar energi, nettverk og Sogn på sitt beste – bli med på Camp Sognekraft!
Er du student og på jakt etter ein sommarjobb som gir deg både fagleg utvikling og unike opplevingar? Har du lyst til å bidra til framtidas løysingar innan fornybar energi – og samtidig oppdaga alt det fantastiske Sogn har å by på? Då er Camp Sognekraft plassen for deg!
Kven ser vi etter?
Me ser etter fire engasjerte studentar med ulik fagleg bakgrunn. Du må like å kaste deg ut i nye utfordringar, ta initiativ og trivast med varierte oppgåver. I søknaden din vil me gjerne lese kvifor nettopp du bør bli vald til dette prosjektet.
Når: 21. juni – 30. juli 2027 (veke 25-30)
Stad: Sogndal. Me stiller med bustad og bil til disposisjon
Søknadsfrist: 26. oktober 2026
Kva er Camp Sognekraft?
Camp Sognekraft gjev studentar eit ekte innblikk i arbeidslivet i eit moderne energikonsern. Dette er ikkje ein vanleg sommarjobb – her får fire studentar ta del i reelle prosjekt og utfordringar innan fornybar energi. Oppgåvene vert tilpassa bakgrunnen deira, og resultata gir oss verdifull innsikt i møte med framtidas krav til energi, teknologi, IT og berekraft.
Gjennom opphaldet får du tett rettleiing frå erfarne fagfolk, og du får sjå kraftverk og nettanlegg på nært hald. Kombinasjonen av praksis og prosjektarbeid gir deg både innsikt og erfaring som kan bli gull verdt vidare i studia – og i karrieren.
Fritid og sosiale aktivitetar
Sogn er som skapt for å utforskast! Du får bustad midt i Sogndal sentrum. På fritida kan de nytte bilen til å utforske det vakre landskapet i Sogn, med fjell og fjordar like i nærleiken. Jotunheimen ligg berre ein god time unna. I tillegg sørger me for me bustad i Sogndal sentrum, og det vert lagt til rette for kjekke sosiale aktivitetar gjennom heile sommaren.
Gjennom Sognacamp blir du kjent med andre sommarstudentar i Sogn, eit unikt konsept lansert i 2024 der lokalt næringsliv i Sogn har gått saman for å tilby ei spektakulær ramme på fritida for sommarjobbstudentar, med sosiale aktivitetar, utfluktar og kjekke begivenheitar. Dei organiserer aktivitetar, der vekedagane byr på enkle og lågterskel tilbod, medan helgane er sett av til større opplevingar. Du får sjansen til å bli kjend med andre unge sommervikarer, bygge nettverk og oppleve alt det Sogn har å by på.
Verdas beste sommarjobbar finn du i Sogn - søk Camp Sognekraft 2027!
Ta kontakt med HR-sjef Gro Fjærestad på tlf. 97 03 81 17 eller gro@sognekraft.no om det er noko du lurer på.
Ferdigheter AI-generert
- Arbeidsprosesser, krav og teknisk informasjon innenfor energi sektoren
- Fornybare energiteknologier
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar – og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
- Antall stillinger: 4
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Dataanalytiker, Ingeniør
Videospiller
Nøkkelord
Sommerjobb, Internships, Energi, Fornybar, Sogn
Firmaets beliggenhet
Dalavegen 25, 6856 Sogndal, 6856 Sogndal
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 477200707
- Sist endret:
- Org.nr.: 925904937Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
