FINNJobbSøkMøre og RomsdalÅlesund
STRÅLETERAPI/KONTOR, Helse Møre og Romsdal HF
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Sekretær/Helsesekretær

Vikariat stilling ∙ Ålesund
  • Søknadsfrist 24.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

70% vikariat som sekretær/helsesekretær ved stråleterapiseksjonen i Ålesund med merkantile oppgaver for poliklinikk og sengepost.

Kvalifikasjoner

  • Utdanning eller autorisasjon som sekretær eller helsesekretær
  • Må beherske norsk skriftlig og muntlig
  • Gode datakunnskaper
  • Fordel med erfaring fra Helseplattformen
  • Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem som EQS

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldende overenskomster
  • Medlemskap i god offentlig pensjonsordning
  • Gode forsikringsvilkår

Sekretær/Helsesekretær

Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig et 70% vikariat som sekretær/helsesekretær frå snarast og til og med 30.09.2027, med moglegheit for forlenging. Ved interne omrokkeringer vil stillingsprosenten kunne endres.

Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken, og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost.


Arbeidsoppgåver

  • Sekretær/helsesekretær si rolle inneheld overordna grad av service, kommunikasjon, formidling, koordinering og øvrig merkantilt arbeid
  • Sekretæren/helsesekretæren skal støtte og tilrettelegge for pasientar, pårørande og pasientbehandlarar
  • Delta i seksjonen sine daglege arbeidsoppgaver i poliklinikk/sengepost (eks: telefon, post, luke, handtering av ventelister, dokumentasjon, koding og rapportering)
  • Sekretæren/helsesekretæren skal arbeide etter Helse Møre og Romsdal sine verdier: Kvalitet – Tryggleik – Respekt

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring
  • Utdanning/autorisasjon som sekretær/helsesekretær
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Fordel med erfaring i Helseplattformen
  • Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem (EQS etc.)

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du trivst i eit hektisk miljø
  • Du er innovativ, nysgjerrig, initiativrik og endringsvillig
  • Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

Kontaktinformasjon

Kristin Farstad, Seksjonsleiar, kristin.farstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 5178372772

Stillingsprosent: 70%

Vikariat

Sluttdato: 30.09.2027

Søknadsfrist: 24.09.2026

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
  • Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Kontor og administrasjon, Sekretær

Firmaets beliggenhet

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Kart
Søknadsfrist: 9 dager igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476481171
  • Sist endret: 15.9.2026, 15:17
  • Org.nr.: 974747138Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse