100 % fast stilling som fagarbeidar
- Søknadsfrist 05.10.2026
- Sektor Offentlig
100 % fast stilling som fagarbeidar
Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 frå 2022 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. Samferdsel & VA er organisert under sektor samfunnsutvikling.
Arbeidsstad
Arbeidsområdet vårt er heile Bjørnafjorden kommune, og køyring må påreknast. Oppmøtestad er Eikelandsheiane 50.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver innan grunnarbeid, lastebilkøyring og vedlikehald av veg
- Maskinkøyring
- Enkle VA-oppdrag
Den som blir tilsett må rekna med opplæring på spesialmaskiner
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan grunnarbeid/anleggsmaskin, men lang relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
- Krav om førarkort klasse BE og C
- Kompetansebevis M2, M4, og motorsag er ønskeleg
- Beherske norsk munnleg og skriftleg godt
Personlege eigenskapar
- Engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert
- Meistra enkle, digitale verktøy
- Stor arbeidskapasitet og evne til å samarbeida i team
- Fleksibel
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etterutløptsøknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersomanordningaikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri besøkjarom å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Ferdigheter AI-generert
- Erfaring med å kjøre semitrailer eller modulvogntog
- Kjøre anleggsmaskiner
- Kjøre med tilhenger
- Norsk
- Ubegrenset førerkort kategori C
- Veiarbeid, drenering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Grunnarbeid, Maskinfører og -operatør
Nøkkelord
fagarbeider, samferdsle, grunnarbeid, maskin
Spørsmål om stillingen
Fagansvarleg samferdsel Per Atle Arefjord
Fagleiar Jan Terje Lund
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476398318
- Sist endret:
- Org.nr.: 844458312Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


