FINNJobbSøkTelemarkSeljord
Seljord Kommune logo
Seljord Kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Kommunalsjef

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Seljord
  • Søknadsfrist 1.10.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Overordnet ansvar for drift, økonomi, personell og samfunnsutvikling i Seljord kommune, samt saksforberedelse til politisk behandling.

Kvalifikasjoner

  • Høyere relevant utdanning på masternivå (lang erfaring kan kompensere)
  • Ledererfaring fra komplekse organisasjoner, gjerne offentlig sektor
  • Erfaring med strategisk ledelse, utviklingsarbeid og endringsprosesser
  • God økonomiforståelse og kjennskap til budsjett- og styringsarbeid
  • God skriftlig og muntlig framstillingsevne på nynorsk

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjonsvilkår gjennom KLP
  • 10 ekstra lederdager i henhold til HTA
  • Sentrale lederoppgaver i en utviklingsorientert kommune
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift

Vil du vere med og utvikle Seljord? Vi søkjer ein trygg og tydeleg kommunalsjef som kan skape retning, byggje gode lag og få ansvar omsett til handling.

Seljord ligg i hjartet av Telemark, der E 134 og riksveg 36 møtest. Kommunen har nær 3 000 innbyggjarar, sterk lokal identitet, aktivt næringsliv og store arrangement gjennom året. Her er det korte vegar mellom folk, fag og avgjerder, og du får ei leiarrolle der du kan bidra til gode tenester og klok utvikling.

Som kommunalsjef blir du del av kommunedirektøren si leiargruppe og får ei nøkkelrolle i å utvikle Seljord vidare. Du skal sikre god drift og bidra til heilskapleg samfunnsutvikling i samspel med tilsette, politisk nivå, innbyggjarar og samarbeidspartar.

Tenesteområdet samfunnsutvikling og drift har om lag 57 tilsette fordelte på 33 årsverk. Området omfattar fellestenester, reinhald, vedlikehald og drift, vatn, avløp, renovasjon og veg, brann, landbruk, plan- og byggesak, kultur og næring. Dette er eit breitt område med fleire samfunnskritiske oppgåver, tett på innbyggjarane og lokalsamfunnet.

Ansvarsområde

  • delta aktivt i den strategiske leiinga av Seljord kommune

  • ha overordna ansvar for drift, utvikling, kvalitet, økonomi og resultat innafor tenesteområdet

  • ha overordna ansvar for personale, budsjett og fag innafor tenesteområdet

  • førebu saker til politisk handsaming og leggje til rette for gode politiske prosessar og avgjerder

  • ha tett dialog med politikarar, innbyggjarar, næringsliv, utbyggjarar, tillitsvalde og andre samarbeidspartar

  • leggje til rette for medverknad, medbestemming og godt medarbeidarskap i tenesteområdet

  • vere prosjekteigar for større investerings-, utviklings- og driftsprosjekt

  • ha særskilt ansvar for kommunen sitt arbeid med kraft, energi og klima

Kvalifikasjonar

  • høgare relevant utdanning på masternivå.

  • lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet

  • leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, fortrinnsvis frå kommunal sektor eller anna offentleg verksemd

  • erfaring frå strategisk leiing, utviklingsarbeid og endringsprosessar

  • god økonomiforståing og kjennskap til budsjett- og styringsarbeid

  • god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon, fag og innbyggjarar

  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Seljord kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk

Vi ser etter deg som

  • er trygg, tydeleg og robust i leiarrolla

  • har strategisk blikk og evne til å sjå både detaljane og det store biletet

  • skaper retning, tillit og framdrift saman med andre

  • har stor arbeidskapasitet, god gjennomføringsevne og evne til å prioritere når mykje skjer samstundes

  • er utviklingsorientert og oppteken av samfunnsutvikling, drift og berekraftige løysingar

  • er open, lyttande og god til å byggje relasjonar

Vi legg stor vekt på personlege eignaheit.

Vi tilbyr

  • ei sentral leiarstilling i ein kommune med vilje til utvikling og omstilling

  • høve til å vidareutvikle gode tenester saman med dyktige medarbeidarar

  • gode utviklingsmoglegheiter i ei spennande og utfordrande stilling

  • løn etter avtale

  • gode pensjonsvilkår gjennom KLP og 10 ekstra leiardagar, jamfør HTA kap. 1 § 6.3

Oppstartstidspunkt etter nærare avtale.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar blir varsla på førehand dersom ønsket ikkje blir teke til følgje.

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkjarar må registrere relevant erfaring og utdanning i søknadsskjemaet.

Seljord kommune ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Om arbeidsgiveren

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt

  • Sted: 3840 Seljord
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Ledelse

Nøkkelord

strategisk leiing, samfunnsutvikling, drift, kommunal sektor, offentleg forvaltning

Spørsmål om stillingen

BV

Beate Våge Lia

Kommunedirektør

41 23 43 21Kopier telefonnummer 41 23 43 21

Firmaets beliggenhet

3840 Seljord

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen

14 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475959407
  • Sist endret: 9.9.2026, 11:10
  • Org.nr.: 964963738Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse