Barne og ungdomsarbeider/assistent
- Søknadsfrist 23.09.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Barne og ungdomsarbeider/assistent
Assistentar ved Salhus skule (150 % fordelt på to stillingar)
Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til barn og unge?
Salhus skule søkjer etter to engasjerte og omsorgsfulle assistentar til faste stillingar. Vi har eit samla behov på 150 %, fordelt på to personar. Stillingane kan fordelast med ulik stillingsprosent etter kvalifikasjonar og skulen sitt behov, men ingen av stillingane vil vere mindre enn 60 %
Salhus skule
Salhus skule ligg idyllisk til i Åsane, med nærleik til både sjø, fjell og flotte naturområde. Skulen har kapasitet til om lag 130 elevar og er kjend for sine sterke tradisjonar innan musikk, kultur og revyarbeid. Vi har eigen skulehage og nyttar nærmiljøet aktivt som læringsarena.
Vår visjon er «Læring for livet», og vi arbeider målretta for å skape eit trygt, inkluderande og læringsfremjande skulemiljø. Skulen har nynorsk som opplæringsmål og satsar særleg på Fysisk aktiv læring og Timen Livet, med fokus på livsmeistring, elevmedverknad og gode relasjonar.
Arbeidsoppgaver
- Tilretteleggja for og følgje opp elevar med ASF i skule og SFO
- Omsorg, tilsyn og leik med born, enkeltvis og i grupper
- I periodar ha ansvar for enkeltelevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring
- Samarbeid med føresette, pedagogisk personale og andre yrkesgrupper
- Delta i gjennomføring og vidareutvikling av satsingsområde i tråd med rammeplanen for SFO
Kvalifikasjoner
- Ønskelig med erfaring frå tilrettelegging for elevar med ASF
- Barne og ungdomsarbeidar er ønskjeleg men ikkje eit krav
- Helse som er foreineleg med å jobba i skule og SFO med aktive barn både inne og ute i naturen.
- Gode norskkunnskaper i kommunikasjon med born
- Gyldig politiattest
Personlige egenskaper
- Du er ein varm omsorgsperson som ønskjer å skape eit felleskap der alle kjenner at dei høyrer til
- Du er ein tydelig og nærverande vaksen som byggjer gode relasjonar
- Du er profesjonell og engasjert i arbeidskvardagen
- Du er ein god kollega som bidreg til eit positivt arbeidsmiljø der ein heier på kvarandre.
- Har «is i magen»: Du bevarer ro og vennleg framferd, sjølv i situasjonar der barnet utfordrar grensene eller har sterke kjensleutbrot.
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Ein skule i naturskjønne omgivnader
- Vår eigen skulehage
- Tett oppfølging frå leiinga
- Løn etter tariffavtale
- Dyktige og engasjerte kollegaer
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Vikavegen 30, 5107 Salhus
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent
Nøkkelord
Barne-og ungdomsarbeider, Skoleassistent SFO assistent
Spørsmål om stillingen
Arne Olsen
Rektor
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 475870670
- Sist endret:
- Org.nr.: 964338531Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)



