FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Helse Bergen HF logo
Helse Bergen HF
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Serviceingeniør

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 20.09.2026
  • Mulighet for hjemmekontor På kontoret
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Vedlikehald, drift og reparasjon av stråleterapiutstyr. Teknisk støtte og samarbeid med klinisk personell.

Kvalifikasjoner

  • Ingeniør/sivilingeniør, elektronikkbakgrunn ønskeleg
  • Relevant erfaring frå stråleterapi/medisinsk teknisk utstyr
  • Gode datakunnskapar
  • Samtykke frå DSB til reparasjon av elektromedisinsk utstyr

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Opplæring med rettleiar
  • Kurs og opplæring frå leverandør
  • Fleksibel arbeidstid med noko pålagt kveldsarbeid
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Serviceingeniør innan stråleterapi

Seksjon for medisinsk fysikk har ledig 100% fast stilling som serviceingeniør innan stråleterapi. Stillinga vil vere knytta opp mot gruppa for serviceingeniørar som driv vedlikehald og service på stråleterapiutstyret ved Kreftklinikken. Vi oppmoder særleg deg som er nyutdanna eller relativt ny i arbeidslivet til å søke på stillinga!

Seksjon for medisinsk fysikk er eit kompetansesenter innan fagfeltet medisinsk fysikk. Vi er i dag om lag 50 tilsette, alle med universitet eller høgskuleutdanning. Ei av seksjonen sine hovudarbeidsoppgåver er å yte teknisk- og fysikkstøtte til klinikken si stråleterapieining. Seksjonen har òg ansvar for medisinsk fysikk innan protonterapi - som blei starta i Bergen våren 2025, og oppfølging av drifts- og vedlikehaldskontrakt for protonterapiutstyret. Per i dag har vi 6 lineærakseleratorar, alle frå leverandør Siemens/Varian. Dette er tre TrueBeam, to Halcyon og ein Ethos-maskin, alle med overflateskanningssystem frå VisionRT. Ut over det har vi etterladar til brakyterapi, den er òg frå same leverandør. Vi har og to CT for stråleterapiplanlegging frå Philips og Siemens.

Den ledige stillinga er i ei gruppe på tre serviceingeniørar, som saman har som hovudoppgåve å drive vedlikehald og kvalitetssikring på ein måte som sørger for mest mogleg oppetid og reduserte driftskostnader på stråleterapiutstyret, i god dialog med andre yrkesgrupper og utstyrsleverandørar.

Det kan og vere aktuelt med arbeidsoppgåver inn mot protonterapi.


Arbeidsoppgåver

  • Forvaltning, drift, vedlikehald, reparasjon av stråleterapiutstyret ved Haukeland universitetssjukehus
  • Kontinuerleg utvikling og forbetring av rutinar, prosedyrar og kvalitetssystem
  • Teknisk støtte og tett samarbeid med klinisk personell
  • Dialog og oppfølging av eksterne leverandørar
  • Bidra i anskaffings- og installasjonsprosessar av medisinsk tekniske utstyr, og tilhøyrande byggeprosjekt
  • Forvaltning, drift og vedlikehald av anna medisinsk teknisk utstyr knytta opp mot Kreftklinikken kan vere aktuelt
  • Ajourhold av utstyrsdatabase i Medusa
  • Innkjøpsansvar innan medisinsk fysikk
  • Driftsansvar for noko IT-hardware i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Ingeniør/sivilingeniør innan ingeniørfag. Elektronikkbakgrunn er ønskeleg
  • Relevant erfaring frå stråleterapi eller medisinsk teknisk utstyr vil bli vektlagd
  • Gode datakunnskapar er ønskeleg
  • Det kan vere ein fordel med erfaring frå elektro/elektronikk, IT og røyr- og kjøleteknikk
  • Det er ønskeleg med samtykke frå Direkoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) til reparasjon av elektromedisinsk utstyr, eller at du er kvalifisert til å oppnå dette

Personlege eigenskapar

  • Fagleg trygg, strukturert og ansvarsbevisst.
  • Gode kommunikasjonsevner. Søkarar må evne å kommunisere og samhandle med andre faggrupper, både tekniske og kliniske.
  • Løysningsorientert og sjølvstendig.
  • Praktisk innsikt og evne til å sjå nye moglegheiter
  • Trives med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, der det kan svinge mykje mellom høg- og lågaktivitetsperiodar.
  • Vi ønsker søkarar som er ansvarlege, engasjerte, positive, fleksible og nøyaktige
  • Gode kunnskapar i norsk/skandinavisk språk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Det er viktig at søkarar kan vere positiv med omsyn til å yte ekstra innsats i periodar med høg aktivitet
  • Praktisk innsikt, og vilje til å bidra til løysing av ulike praktiske oppgåver for seksjonen og klinikken.

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Opplæring med rettleiar
  • Kurs og opplæring frå leverandør på leverandørens kurssenter
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • For det meste dagarbeid med ei viss grad av fleksibel arbeidstid, med noko pålagt kveldsarbeid. Det kan vere aktuelt med andre arbeidstidsordningar i tråd med pasientbehandlingsbehova i framtida
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Attestar, tjenestebevis og dokumentasjon på tidlegare arbeidserfaring og relevant utdanning leggast ved søknaden. Dette danner grunnlag for vurdering av kompetanse og fastsetjing av løn.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Computertomografi
  • Elektroindustri (bransje)
  • Medisinsk utstyr
  • Medisinske elektroniske systemer
  • Stråleterapiapperatur innen medisin
  • Vedlikehold av utstyr

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Helse og omsorg, Medisinsk utstyr og rekvisita
  • Stillingsfunksjon: Elektroingeniør, Ingeniør, Teknisk service

Nøkkelord

Elektroingeniør, Seviceingeniør, Medisinsk teknisk utstyr, Vedlikehold

Spørsmål om stillingen

LH

Lukas Hirschi

Ass. seksjonsleiar

EW

Einar Waldeland

Seksjonsleiar

Firmaets beliggenhet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 4 uker igjen

2757 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474758363
  • Sist endret: 27.8.2026, 14:04
  • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse