Byggeleiar – bruprosjekt
- Søknadsfrist 17.9.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Byggeleiar – bruprosjekt
Vi søkjer inntil to byggeleiarar til fleire spennande bruprosjekt i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har ei omfattande bruportefølje, med fleire vedlikehalds- og utbyggingsprosjekt dei kommande åra. Planlagde oppstartar inkluderer mellom anna Åndalsnesbrua, Grøttabrua, Strandgatebrua og Rundebrua. I tillegg har vi ei rekkje prosjekt i planleggingsfasen.
Prosjektorganisasjonen er i vekst, og vi styrkjer no bemanninga med byggeleiarar innan bru.
Du vil inngå i eit fagleg sterkt bruteam saman med byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande. Stillinga rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar har ansvar på porteføljenivå, medan byggeleiar følgjer opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og gjennomføringsfasen.
Du kan velje kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Stillinga inneber ein del reiseverksemd i fylket.
Fylkesvegavdelinga har eit stort og samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegnettet. Vegprosjektseksjonen har om lag 50 tilsette med kompetanse innan prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Dette omfattar mellom anna byggherreorganisasjonar for veginvesteringar, Bypakke Ålesund, Remøybrua, tunneloppgraderingar, samt ei rekkje bru- og ferjekaiprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Leie eigne prosjekt med ulik storleik og kompleksitet
- Følgje opp prosjekt i alle fasar: planlegging, prosjektering, anskaffing, gjennomføring og overlevering
- Sikre gjennomføring i tråd med mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet
- Rapportere til prosjektleiar og bidra i styring av prosjektporteføljen
- Samarbeide tett med byggeleiarar, kontrollingeniørar og andre fagressursar
Kvalifikasjonar
- Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag- Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel
- Kjennskap til stål- og betongkonstruksjonar, samt grunnarbeid og anleggsprosjekt er ønskjeleg
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å involvere relevante aktørar internt og eksternt.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Løysingsorientert og utviklingsdriven
- Strukturert og målretta arbeidsform
- Evne til å ta ansvar og sjå behov
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Ferdigheter AI-generert
- Byggeplassoppfølging
- Erfaring fra store byggeprosjekter
- HMS kurs
- Ingeniørarbeid
- Planlegging- og realisering av byggeprosjekter
- Prosjektering av byggeprosjekter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sted: Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
- Flere arbeidssteder: Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk
Nøkkelord
Byggeleder bru, Byggingeniør, Prosjektleder bru, Ingeniør bygg og anlegg, Ingeniør samferdsel
Firmaets beliggenhet
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474752983
- Sist endret:
- Org.nr.: 944183779Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)



