Sjukepleiar 100 % vikariat
- Søknadsfrist 13.9.2026
- Sektor Offentlig
- Antall stillinger 2 stillinger
Sjukepleiar vikariat ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt
Kvinnherad kommune har vel 13 300 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. I Kvinnherad får du ikkje berre ein spennande jobb, men også høve til å leva og trivast i ein kommune med mange fordelar. Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet, du slepp eigedomsskatt, og familiar får gratis SFO samt søskenmoderasjon i barnehage. Samstundes får du kvardagen din omgitt av storslått natur med fjord, fjell, bre og eit rikt friluftsliv året rundt. Her kan du kombinera ein meiningsfylt arbeidskvardag med høg livskvalitet og gode oppvekstvilkår.
To 100 % vikariat som sjukepleiar ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt
Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt har ledig to 100 % vikariat som sjukepleiarar frå snarast mogleg og til 30. april 2027.
Stillingane inngår i turnusordning mellom Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt. Husnes helsesenter har i dag 8 fastlegar og eit tverrfagleg team som yter tenester til om lag 6 400 pasientar. Vi er opptekne av å møta heile pasienten og levera tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidsoppgåver ved Husnes helsesenter
- Handtera førespurnader frå innbyggjarar som treng medisinsk hjelp
- Rettleia og gi råd til pasientar
- Prioritera og setja i verk rett behandlingsnivå
- Ivareta dokumentasjon og kvalitetssikring av verksemda
- Laboratoriearbeid
- Behandling av kroniske og akutte tilstandar på skadestove
- Assistera lege ved undersøkingar og mindre kirurgiske inngrep
- Administrera medikament etter ordinasjon frå lege
Arbeidsoppgåver ved Kvinnherad legevakt
- Ta imot førespurnader på telefon og i ekspedisjon
- Klinisk prioritera, observera og behandla pasientar på skade- og akuttstove
- Gi råd og rettleiing etter Legevaktindeks
- Ta imot, stabilisera og behandla akutt sjuke pasientar
- Assistera lege ved undersøkingar og enkle inngrep
- Utføra målingar og prøvetaking
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå legekontor, legevakt eller anna relevant klinisk arbeid er ønskjeleg
- Erfaring med Infodoc eller tilsvarande journalsystem er ein fordel
- Gode IKT-kunnskapar
- Evne til å handtera akutte situasjonar og høgt arbeidstempo
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer medarbeidarar som:
- Har eit positivt og inkluderande menneskesyn
- Er fagleg engasjerte og utviklingsorienterte
- Er sjølvstendige og trygge i sjukepleiarrolla
- Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege team
- Tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Søkjarar må vera førebudde på å møta til intervju. Originale vitnemål, attestar og legitimasjon skal takast med ved intervju.
Det kan verta moglegheit for vidare tilsetjing etter endt vikariat, avhengig av verksemda sitt framtidige behov og tilgjengelege stillingar.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ei utviklande og spennande stilling der få dagar er like
- Eit godt fagmiljø med engasjerte kollegaer
- IA-bedrift og bedriftshelseteneste
- God opplæring og tett fagleg oppfølging
Tilsetjing
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk.
Politiattest må leggjast fram i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men leverast etter at tilbod om stilling er gitt.
Offentlegheit
Opplysningar om søkjar kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om unnatak frå søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakta:
Monica Helvik Sletten
Avdelingsleiar, Kvinnherad legevakt
Tlf. 53 46 16 00
Irina Zimina
Einingsleiar Helse
Tlf. 488 94 055
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)
- Antall stillinger: 2
- Sted: Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
Firmaets beliggenhet
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474728494
- Sist endret:
- Org.nr.: 920633765Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

