Driftsteknikar/Mekanikar
- Søknadsfrist 20.9.2026
- Mulighet for hjemmekontor På kontoret
- Sektor Privat
Driftsteknikar/Mekanikar
Hydro Energi har mer enn 100 års erfaring fra produksjon av fornybar energi. I dag er vi en av de tre største vannkraftprodusentene i Norge, og en betydelig kraftmarkedsaktør i Norden og Brasil. Vi er ansvarlig for å utvikle nye forretningsmuligheter og støtter Hydros forretningsområder innen kontrakter, forsyningssikkerhet og energipolitiske rammevilkår.
Kva vi tilbyr deg
Vil du vere med og sikre trygg og stabil kraftproduksjon?
Hos Hydro Energi Sogn får du ein unik mulighet til å kombinere teknisk fagkompetanse med meiningsfullt arbeid i eit av landets mest erfarne energiselskap. Hydro Energi har over 100 års erfaring med produksjon av fornybar energi og er i dag ein av Norges tre største vannkraftprodusentar. Vi driver 6 kraftverk i Sogn, fra 1 MW til 360 MW, og spelar ei viktig rolle i Hydros satsing på fornybar energi. Hydro Energi Sogn søkjer no ein driftsteknikar / mekaniker som vil være med å sikre trygg, stabil og effektiv drift av kraftverka og reguleringsanlegga våre. Som driftsteknikar / mekanikar får du ein variert arbeidskvardag med både praktiske og faglege utfordringar. Du vil arbeide med drift og vedlikehald av mekanisk utstyr og anlegg, samstundes som du får moglegheit til å utvikle kompetansen din innan kraftverksdrift. Du blir ein del av eit team på 19 kollegaer med brei fagkompetanse og eit særs godt arbeidsmiljø.
Ein variert og spennande arbeidskvardag i naturskjønne omgjevnader, frå fjord til fjell
Spennande oppgåver, både sjølvstendig og i tverrfaglege team
Moglegheit til å arbeide med moderne teknologi og komplekse tekniske anlegg
Gode lønns- og pensjonsordningar
Ordna arbeidsforhold og eit inkluderande arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Ein arbeidsplass med stort fokus på HMS og kontinuerleg forbetring
Oppmøtestad vil vere anten Øvre Årdal eller Fortun, og blir fastsett ut frå den rette kandidaten og kva som er mest tenleg for stillinga.
Kva du skal gjere
Som driftsteknikar / mekanikar vil du ha ei sentral rolle i drift og vedlikehald av kraftverka og reguleringsanlegga våre.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Utføre drifts- og vedlikehaldsoppgåver på kraftverk og reguleringsanlegg
Utføre feilsøking, inspeksjonar og tilstandskontrollar
Planleggje og gjennomføre vedlikehaldsoppgåver
Leie og delta i både små og større vedlikehaldsjobbar
Delta i revisjonar, prosjekt og større vedlikehaldsstansar
Dokumentere utført arbeid og oppdatere teknisk historikk i SAP
Bidra til kontinuerleg forbetring av arbeidsmetodar og vedlikehald
Delta i driftsvaktordning etter naudsynt opplæring
HMS står alltid sentralt i arbeidet, og du skal bidra til at arbeidsoppgåvene blir planlagde og gjennomførte på ein trygg og effektiv måte.
Kva vil bidra til at du lykkast?
Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, praktisk anlagt og ønskjer å utvikle deg vidare innan drift og vedlikehald av vasskraftanlegg.
Du vil trivast i rolla dersom du:
Har gode samarbeidsevner og kommuniserer ope og tydeleg
Arbeider strukturert og har ei sterk forståing for HMS
Likar praktisk arbeid og tekniske utfordringar
Tek initiativ og ansvar for eigne arbeidsoppgåver
Er nysgjerrig og ønskjer å lære meir om kraftverksdrift
Er løysingsorientert og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Likar å arbeide både sjølvstendig og saman med andre
Ønskte kvalifikasjonar
Fagbrev som industrimekanikar eller anna relevant fagbrev
Erfaring med hydraulikk, roterande maskineri eller anna mekanisk utstyr er ein fordel
Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
Erfaring med SAP eller andre vedlikehaldssystem er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Det viktigaste for oss er likevel at du har rett innstilling, ønskjer å lære og er motivert for å bidra til trygg og stabil kraftproduksjon.
Stillinga rapporterer til vedlikehaldsleiar.
Vi aksepterer berre elektroniske søknader. Legg ved søknadsbrev, CV og relevante vitnemål og sertifikat.
Klar for nye utfordringar?
Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø og bidra til å sikre produksjonen av fornybar energi i eit av Noregs mest spennande vasskraftmiljø? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Like moglegheiter
I selskapet vårt meiner vi at mangfald gjer oss sterkare. Vi ønskjer ulike erfaringar og perspektiv velkomne. Vi vurderer kvar søknad på ein rettferdig måte og strevar etter å gi like moglegheiter for alle til å utvikle seg og lukkast i Hydro.
Søknadsfrist: 20.09.2026
Hvis du har spørsmål kan du kontakte:
Ansettelsesleiar
Morten Høyum, Leder vedlikehald Sogn
+4741566897
Rekrutterer
Marit Bratseth, HR Spesialist
+4795908036
Hvorfor Hydro?
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen av verdens viktigste problemer - og vi håper du vil bli med å løse utfordringene i det neste århundret. Du bidrar til å påvirke vårt felles formål om å drive industriene våre og verden inn i en grønnere fremtid enten du jobber ved ett av våre resirkuleringsanlegg eller sikrer effektive prosesser for fornybar energi.
Ferdigheter AI-generert
- Elektrisk roterende utstyr
- HMS kurs
- Industrimekanikk
- Mekanisk feilsøking /vedlikehold
- Norsk
- Planlagt vedlikehold
- Vedlikeholde kraftverk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hos Hydro Energi Sogn får du en unik mulighet til å kombinere teknisk fagkompetanse med meningsfullt arbeid i et av landets mest solide energiselskaper. Hydro Energi har over 100 års erfaring med produksjon av fornybar energi og er i dag en av Norges tre største vannkraftprodusenter. Vi driver 6 kraftverk i Sogn, fra 1 MW til 360 MW, og spiller en sentral rolle i Hydros satsing på fornybar energi, hydrogen og batteriteknologi. Hydro Energi Sogn søkjer no ein driftsteknikar / mekaniker som vil være med å sikre trygg og stabil kraftproduksjon - i et av landets mest spennende energimiljøer. Hos oss får du en arbeidshverdag som kombinerer varierte tekniske utfordringer, fantastiske omgivelser og et sterkt fagmiljø. Du blir en del av et team med bred kompetanse og et godt arbeidsmiljø.
- Sted: 6884 Øvre Årdal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kraft og energi, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Mekanisk, Vann- og miljøteknikk, Vassdrag
Nøkkelord
Fornybarenergi, Vannkraft, Montasje, Ledigstilling, Faglært
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474671393
- Sist endret:
- Org.nr.: 914778271Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


