FINNJobbSøkInnlandetØystre Slidre
Øystre Slidre kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun

Fast stilling ∙ Heggenes
  • Søknadsfrist 30.9.2026
  • Sektor Offentlig
  • Antall stillinger 10 stillinger

Kortversjonen

Gje helsehjelp og kvardagsmestring til brukarar, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som helsefagarbeidar eller relevant utdanning
  • Gode norskkunnskapar
  • Sertifikat i klasse B (heimetenesta)
  • Politiattest

Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun

Vil du vere ein del av laget vårt?

Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.  Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

No har vi ledig fleire helgestillingar, både på kortids- og langtidsavdeling, på avdeling for personar med demens, i heimetenesta og i omsorgsbustader. Stillingane varierer mellom 14% og 21%

Vi ser fram til å høyre frå deg! Skriv gjerne kva for avdeling du ønskjer å jobbe på og kor stor stilling du kan tenkje deg.

Tilsetjing vil skje fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar, eller anna relevant utdanning. 
  • Du er velkommen til å søke om du ikkje har fagbrev, men har interesse for faget og ønskjer ein meiningsfull jobb
  • Studentar er velkomne til å søke
  • Gode norskkunnskapar
  • Sertifikat i klasse B er nødvendig i heimetenesta
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

• Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
• Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 
• Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr


• Turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
• Nødvendig opplæring og rettleiing
• Kompetanseheving
• Opplæring i fagsystem
• Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune


Referansenr.: 5168943193

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 30.09.2026

Om arbeidsgiveren

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

  • Antall stillinger: 10
  • Sted: Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  • Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Omsorg og sosialt arbeid

Firmaets beliggenhet

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Kart
Søknadsfrist: 1 måned igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474530028
  • Sist endret: 25.8.2026, 09:53
  • Org.nr.: 926328719Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse