Tilkallingsvikar
- Søknadsfrist Snarest
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
- Antall stillinger 4 stillinger
Tilkallingsvikar sjåfør
Ønskjer du ein aktiv og meiningsfull jobb?
Som sjåfør i NGIR er du ein viktig del av kvardagen til folk i regionen.
Du sørgjer for at avfall blir handtert på ein smart og berekraftig måte, og bidreg til at viktige tenester fungerer som dei skal.
Vi søkjer no etter tilkallingsvikarar som kan stille ved behov.
Du blir ein del av eit godt sjåførteam og representerer NGIR ute hos kundane våre.
Dette får du jobbe med
Du vil arbeide med køyring av renovasjonsbil og innsamling av avfall frå husstandar, hytter og næringskundar.
Jobben inneber fysisk arbeid, som handtering og flytting av avfallsdunkar.
Du vil òg registrere avvik ved behov og bidra til enkelt vedlikehald og reinhald av bilen.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Førarkort klasse C
- Gyldig sjåførkort
- Godkjent YSK (kode 95)
Det er ein fordel med køyreerfaring, men ikkje eit krav.
Kven er du?
Vi ser etter deg som er påliteleg, fleksibel og positiv.
Du trivst med fysisk arbeid og å jobbe ute, og møter kundar og kollegaer med ei god servicehaldning.
Du kommuniserer godt på norsk og arbeider strukturert og sjølvstendig.
Som tilkallingsvikar er det viktig at du kan stille på kort varsel når behov oppstår.
Kvifor velje NGIR?
- Du får ein variert og aktiv arbeidskvardag
- Du jobbar ute i frisk luft
- Du blir ein del av eit inkluderande og kjekt arbeidsmiljø
- Du får god opplæring og oppfølging
- Du køyrer moderne og godt vedlikehaldne bilar
- Du får ein jobb som er viktig for miljøet og samfunnet
Lurer du på noko?
Ring transportleiar Karl André Dale på 916 78 784, han tek gjerne ein prat!
Ferdigheter
- Avfallshåndtering med makulering
- Bilpleie
- Digitalt sjåførkort
- Erfaring med å kjøre semitrailer eller modulvogntog
- Norsk
- Ubegrenset førerkort kategori C
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 199 millionar kroner.
- Antall stillinger: 4
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør
Videospiller
Nøkkelord
tilkallingsvikar, sjåfør, renovasjonsbil, avfallshåndtering
Firmaets beliggenhet
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474479481
- Sist endret:
- Org.nr.: 932316943Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


